Frå veke 14 kjem Lagskontoret til å ha avgrensa kapasitet inntil vidare og vil ikkje kunne nåast alle vekedagar. For å kome i kontakt med oss er det best å sende ein e-post til [email protected].

Idrottslaget kan nåast i normal arbeidstid. Sjå kontaktinformasjon.

Alle særlag i BUL har no pause i vanleg lagsaktivitet. Det er likevel noko tilpassa aktivitet i enkelte av laga. Sjå særlaga sine eigne nettsider eller Facebook. 


Utsette hendingar:

Årsmøte BUL 18. mars: Utsett til 17.06.

PELI POIKKI – SKOGFINNANE KJEM 21. mars: Utsett til 24.10.

Boklansering og samtale 25. mars: Utsett. Vi kjem tilbake med ny dato.

Sentrumsløpet: Utsett til 10. oktober. Sjå melding på Sentrumsløpet si heimside.

 

Vi følgjer med på utviklinga av koronaviruset (COVID-19) og råda gitt av norske myndigheiter og Folkehelseinstituttet.

12.03.2020 blei det innført forbod mot alle kultur- og idrettsarrangement. BUL kjem til å overhalde desse reglane og håpar slik å kunne bidra til å minske spreiinga av koronaviruset.

Vi rådar alle særlag til å rette seg etter anbefalingane frå Folkehelseinstituttet og følgje med på fhi.no og helsenorge.no for oppdatert informasjon.

Arrangement og samlingar

Råd og informasjon til risikogrupper

Sist oppdatert 16.05.20 kl. 15.00.