IL i BUL og IK Tjalve arrangerer løpestevne med 400m, 800m og 3000m torsdag 3. september frå tidlegast kl 17. Struktur og tidsskjema blir lagt opp etter mengde påmelde, der smittevernsreglene er styrande. Vi reserverer for oss retten til å avgrensa talet på deltakarar.

Reglar for påmelding
Påmelding i minidrett.no. Startkontingenten er 110 kr og påmeldingsfrist måndag 31. august. Det blir ingen avkryssing på stemna, og påmelding per fristen er dermed bindande. Utøvarar som veit dei ikkje kan delta før fristen gjekk ut, må melda seg av arrangementet i minidrett.

Reglar for arrangementa
Stevnet blir arrangert i tråd med gjeldande smittevernregler. NFIF kan komma med vidare spesifikasjonar for banestevner , og vi vil forhalda oss til desse. Dei spesifikke reglane for stevnene vil sendast til alle påmelde. Dei generelle reglane for stevnene er:

  • Maksimalt 200 personar, eksklusive funksjonærar, på stadion. Informasjon om trenerakkreditering kjem nærare arrangementet.
  • Minimum éin meter avstand til andre personar.
  • Utstyr blir desinfisert før og etter konkurransane.
  • Desinfeksjonsmiddel blir tilgjengeleg på stadion, og skal brukast før du kjem inn og undervegs i stemna.
  • Viss du er sjuk skal du vera heime, sjølv ved milde symptom