Velkomne skal de vere til dans og hygge i Teatersalen saman med Leikarringen denne hausten!

Etter ein broket vårtermin, med avlyste øvingar og lang tid og avstand mellom kvar gong vi fekk danse, går vi endeleg i gong med øvingar att.

Det vert øvingar i TrøBUL, BULder og Brak, «Tysdagsøvingane» og Søndansen, og jammen vert det ikkje regelmessige møte i songdansgruppa og. De er hjarteleg velkomne overalt, men grunna smittevernet har vi nokre reglar alle må følgje:

  • Vi kan maks vere 20 personer på øving. Derfor trenger vi beskjed om at du kjem. Dette er særleg viktig for Tysdagsøvingane, der gruppa varierer i tal og personar kvar veke. Her på nettsida vår kan du finne kalenderen for hausten og må melde deg på ved å fylle ut skjema i kvar hending.
  • Vi må ha fullt namn, kontaktinformasjon og opplysningar om bostad (kommune) på alle som deltar. Det enklaste er rett å slett å melde seg inn. Det kan du gjere her: https://www.bul.no/leikarringen/blimedlem/
  • Følg jamnleg med på oppdatert smittevernsinformasjon frå myndigheitane for vår aktivitet.
  • Hald deg heime viss du kjenner deg dårlig eller har symptomer på Covid-19
  • Vask hender og host i albogen.
  • Hald minst ein meter avstand til andre i lokalet så lenge du er over 20 år.
  • Vi stiller ikkje krav om munnbind, men rår alle som ønsker til å nytte dette. Informasjon om retningslinjer for munnbind finn du her.

Sjølv om hausten vert annleis enn tidlegare ser vi fram til ei fin termin. Vi har tilpassa program og vil mellom anna invitere til webinar med innføring i norsk folkedans!

Har du spørsmål må du berre ta kontakt med oss på epost [email protected] eller på facebook-sida vår.
Vi sjåast!