Velkommen til Bislett 3. september! Det er totalt 150 påmelde. Utøvarar og akkrediterte trenarar slepper inn på stadion.  Sjå informasjon under om publikum.

Tidsskjema her.

Rangeringsliste kjem onsdag.

Trenerakkrediteringssøknad gjer du her. Berre faktiske trenarar kan søka om akkreditering. Frist ila onsdag 02. september!

Startliste og resultat i Open Track.

Utøvarinformasjon – IL i BULs og IK Tjalves løpestemne på Bislett

I samband med arrangementsavgrensingane om dagen, som vil handhevast strengt, er det viktig at de les denne informasjonen nøye.

Bakgrunn
Folkehelseinstituttet (FHI) publiserte oppdaterte reglar for arrangement og samlingar på offentlege stader fór inntil 200 personar frå 15. juni. Med utgangspunkt i denne har Norges Friidrettsforbund (NFIF) utarbeidd retningslinjer for korleis friidrettsstemner kan haldast innanfor reglane. Alle reglar frå NFIF blir følgt i sin heilskap. Dei generelle reglane er som følgjer:

* Maksimalt 200 personar på konkurransearenaen, eksklusive dommarar og funksjonærar.
* Minimum éin meter avstand mellom personar.
* Utstyr skal desinfiserast.
* Garderobar og dusjar skal ikkje brukast.
* Det blir ikkje tilrådd å bruka offentleg transport.
* Personar som er smitta av korona, sit i karantene eller som har symptom på luftvegsinfeksjon, som til dømes feber, sår hals, rennande nase, hoste eller nedsett allmenntilstand, skal ikkje delta på noko form for aktivitet.
* Idrettslaget bortviser personar som ikkje følgjer tilrådde smittevernråd.

Startnummer og avkryssing
Det blir startnummer på alle øvingar. Startnummer blir henta i sekretariatet.

Det blir avkryssing i alle øvingar i sekretariatet éin (1) time før øvingsstart. Heata kjem i Open Track.

Inngang til stadion, oppvarming, konkurranse og utgang
Alle går inn på stadion via inngang 2, Martinius Lørdahls plass/Grete Waitz-statuen. Her blir det tilgangskontroll.

Heatavgrensing
400 og 800: maksimalt åtte pr heat.

1500 og 3000: maksimalt 15 pr heat.

Trenerakkreditering
Søknad om trenerakkreditering gjer du her.

Berre faktiske trenarar kan søka.

Publikum
Berre faktiske trenarar får akkreditering. Det er 50 ledige plassar til publikum. Dei 50 første blir sleppte inn via inngang 2. Her må publikum registrere namn, klubb, telefonnummer og bustadkommune.

Mat og drikke
Mat og drikke må tas med sjølv, det blir ikkje utsal.