Nye kontingentsatsar

Vi ønskjer å rekruttere fleire medlemmer, behalde dei vi har, og gjere det meir fordelaktig for dei som i ein periode har dårleg økonomi. Difor har vi innført nye kontingentsatsar.

Merk: Særlagssatsane er uendra i 2020 blir lagt til hovudlagssatsane.

• Ordinære medlemmer:

– Vaksne kr. 650

– Barn opp til 14 år som berre er med i hovudlaget kr. 100

– Barn som er medlem av eit særlag kr. 0

• Ungdomsmedlem, frå 14 opp til 26 år kr. 300

• Honnør lav sats kr. 300 (tillitsbasert)

• Honnør ordinær kr. 650 (honnørmedlemmer som ønskjer å betale full kontingent)

• Heiderslagsfolk/livsvarige medlemmer kr. 0

• Nyinnmelding kr 350 (nye medlemmer som melder seg inn etter 1. juli)

Etterkvart vil vi også innføre ein støttemedlemsordning for dei som ynskjer å gi pengar til eit særlag eller hovudlaget. Støttemedlemmer får ikkje demokratiske rettar eller rabattar, men kan delta i aktivitet som ikkje er ein del av ein særlagsaktivitet.