Informasjon om Allianseklubbenes stemneserie 22. juni

Arrangementet er ope for alle utøvarar i seniorklassen. Kravet om toppidrettsstatus er altså fjerna. Det er tillate med 400 deltakarar på utandørs arrangement utan tilviste plassar. For dette stemnet betyr det fri påmelding av utøvarar i seniorklassen og at trenarar og publikum vil sleppa inn. Alle må register seg ved tilkomme.

Tidsskjema

Startnummer-

Henting av startnummer for løpsøvingar i sekretariatet seinast 1 time før start.

Påmelding

Startkontingent 110 kr. Påmeldingsfrist fredag 18. juni. Påmelding i Min idrett.

Deltakarliste

Påmeldte – lenkje.

Smittevern

Oslo kommune si koronaforskrift har frå 16. juni færre Oslo-spesifikke reglar enn tidlegare, og den nasjonale forskrifta blir følgd i all hovudsak.

  • Det er tillate med 200 deltakarar på utandørs arrangement utan tilviste plassar. For dette stemnet betyr det fri påmelding av utøvarar i seniorklassen og at akkrediterte trenarar blir prioritert på arrangementet. Viss det er ledige plassar fyller vi desse opp med publikum.
  • Det er påbode med éin meter avstand til andre, med unntak for utøvarar i konkurranse. Munnbind blir nytta om ikkje ein meter kan overhaldast. (For utøvarar vil det seie at det er forbode med kroppskontakt frå i det du går i mål, altså ingen klemming eller handkontakt).
  • Er du sjuk, i krantente eller har mistanke om smitte, er det forbode å delta.
  • Alle er pålagt å registrere seg med namn, telefonnummer, klubb og bustadkommune ved framkomst.
  • Vask hender hyppig og bruk desinfeksjonsmiddel.
  • Unngå offentleg transport så langt det lèt seg gjere.

Obligatorisk utfylling av skoskjema

Alle utøvarar, uavhengig av øving, skal på førehand innrapportere kva sko som vil blir brukt under konkurransen.

SKOSKJEMA HER.

Forfall

Ver snill og gi beskjed til [email protected] på førehand om du ikkje kan delta.

Inngang 2

Utøvarar og trenarar slepp inn frå Martinius Lørdahls plass (Grete Waitz-statuen/Inngang 2). Vakta tillèt tilgang til personar som er påmelde eller har fått akkreditering, og ser til at alle har registrert namn, telefonnummer og bustadkommune. Utøvarar og trenarar som er ferdig med konkurransen må forlate stadion.

Avkryssing og startnummer for løp

Alle deltakarar i løp må hente startnummer seinast 1 time før øvingsstart i sekretariatet. Henting av startnummer blir rekna som avkryssing.

Direkte oppmøte for tekniske øvingar

Kast og hopp møter direkte på øvingsstaden, og bruker ikkje startnummer.

Trenarakkreditering

Trenarar må søke akkreditering innan søndag 20. juni. Det er berre faktiske trenarar som får tildelt akkreditering. Akkrediterte trenarar blir bedne om å opphalde seg på tribunen, og berre på innandørsbanen under oppvarming. Trenar har ikkje tilgang på utandørsbanen.

TRENARAKKREDITERINGSSØKNAD HER.

Publikum

Viss det er ledige plassar etter påmelde utøvarar og akkrediterte trenarar, fyller vi desse opp med publikum. Informasjon om publikum kjem måndag 21. juni.