Alle påmelde har vorte tilsendt mail. Det er viktig at de les utøvarinformasjonen nøye, slik at vi saman får arrangert eit godt stemna innanfor retningslinjene. Merk at deltakarar som IKKJE skal vera med, må gi beskjed til [email protected] innan kl. 14.00 fredag 12. juni.

Tidsskjema -> lenke.

Heatoppsett løp -> lenke.

Startliste tekniske øvingar -> lenke.

Stream på Tjalves Facebook.

Utøvarinformasjon – IL i BULs og IK Tjalves stevneserie på Bislett del 2

Velkommen til Bislett 14. juni! I samband med arrangementsavgrensingane om dagen, som vil handhevast strengt, er det viktig at de les denne informasjonen nøye.

Bakgrunn

Folkehelseinstituttet (FHI) publiserte oppdaterte reglar for arrangement og samlingar på offentlege stader fór inntil 50 personar 4. mai, med verknad frå 7. mai. I utgangspunkt i denne har Norges Friidrettsforbund (NFIF) utarbeidd retningslinjer for korleis friidrettsstevner kan haldast innanfor reglane. Alle reglar frå NFIF vil følgjast i sin heilskap. Dei generelle reglane er som følgjer:

Maksimalt 50 personar på konkurransearenaen, eksklusive dommarar og funksjonærar.
Minimum éin meter avstand mellom personar.
Utstyr skal desinfiserast.
Garderobar og dusj blir ikkje brukte.
Det blir ikkje tilrådd å bruka offentleg transport.
Personar som er smitta av korona, sit i karantene eller som har symptom på luftvegsinfeksjon, som til dømes feber, sår hals, rennande nase, hoste eller nedsett almenntilstand, skal ikkje delta i noka form for aktivitet.
Idrettslaget bortviser personar som ikkje følgjer tilrådde smittevernråd.
Om stevneserien

Det er totalt 167 påmelde til stemna 14. juni. Arrangementet er delt opp i bolkar: A, B, C og D. Mellom bolkane blir tømde stadion, utstyr og toalett blir desinfiserte, og neste blir sleppte inn.

Det er berre utøvarar som er påmelde som slepper inn på stadion. Trenarar og publikum vil ikkje få tilgang. Reglane er openberra ikkje tilpassa arenaer som Bislett, men vi får ikkje lov til å ha med andre utan at det går på bekostning av talet på utøvarar.

Det blir berre startnummer på 800m.

Avkryssing

Det blir ikkje avkryssing, då påmelding fungerer som avkryssing. Viss nokon IKKJE kan vera med, må vi få beskjed på [email protected] seinast fredag 12. juni kl. 14.00. Utøvarar som er påmelde og ikkje stiller til start vil få straffegebyr på 300kr.

Heatoppsett

Heatoppsett vil leggast ut på denne nettsida fredag 12. juni.

Inngang til stadion, oppvarming, konkurranse og utgang

Alle går inn på stadion via Sofies gate 38 (døra som blir brukt ved innendørstreninger). I tidsskjema blir det gitt opp kva tidsintervall du får sleppa inn. Her vil det bli tilgangskontroll. Generell del av oppvarming vil skje på innendørsbanen, før utøvarane går ut på konkurransearenaen frå 60m-hallen til oppsett tidspunkt frå tidsskjema. Det vil ikkje bli mogleg å gå inn igjen etter ein har gått ut på banen.

Det blir oppmøte ved øvingsstad som gitt opp i tidsskjema. Etter heatet ditt har du 15 minutt før du må gå ut frå stadion via inngang 2 (Martinius Lørdahls plass/Grete Waitz-statuen). Det er viktig at dette blir følgt slik at vi får inn neste bolk og unngår forseinkingar. Unntaket er sprintere som skal springa 300m etter 150m, dei kan bli igjen på konkurransearenaen til dei har sprunge det siste løpet sitt.

Løp

Alle løpsøvelser har maksimalt åtte deltakarar pr heat Det blir berre startnummer på 800m, og startnummer blir henta i myldreområdet i det du går til oppvarming. Wavelight blir brukt på 800m som hare.

Tekniske øvingar

Spyd: Utøvarar tar med eige spyd som blir vege på øvingsstaden. Viss du ikkje har eige reiskap, gi beskjed på [email protected]. Alle skal henta sitt eige spyd undervegs i konkurransen.

Tresteg Utøvere tar med eigen tape for tilløpsmarkering.

Mat og drikke

Mat og drikke må takast med sjølv, det blir ikkje utsal.

Toaletter

For utøvarar på innendørsbanen blir toaletta brukte ved myldreomårdet. For utøvarar på konkurransearenaen blir det brukt markerte toalett i tribunen