Årsmøtet i BUL utnemnde i dag, 17. juni 2020, seks nye heiderslagsmedlemmer: Unni Helland, Arne Nordvi, Olaf Almenningen, Edvard Lauen, Vigdis Rønning og Nils Norman Iversen.

Heidersmedlemmer blir dei som har gjort ein særleg innsats for laget, og som oppfyller eit eller fleire av desse kriteria:

  • Har over lenger tid som medlem og/eller tillitsvald lagt ned ein innsats som går langt ut over der vi kan forvente.
  • Gjennom verv eller annan innsats bidrege til at laget som heilskap, eit eller fleire av særlaga eller forretningsdrifta har utvikla seg på ein framifrå måte for medlemmane, lagsfellesskapet, omdømmet til laget eller samfunnet generelt.
  • Over tid har teke på seg tillitsverv i fleire delar av organisasjonen.

Følgjande er utnemnd:

Unni Helland

Heiderslagsmedlem Unni Helland

Unni Helland er «Mor BUL».

Ho er fødd i 1942 og frå Grue i Solør. Ho har vore medlem i laget frå 1958 og ha hatt det meste av si verksemd for BUL i Idrottslaget.

Om Unni er det sagt at

”Det er få som skjønner hvilken kraft hun har vært i Oslo de siste 50 årene. Oslos viktigste sosialarbeider for flere tusen ungdommer som trener i BUL.»

I meir enn 50 år har ho altså vore aktiv på alle nivå i Idrottslaget som oppmann, trenar og ressursperson for utøvarar og trenarar. Ho har trena hundrevis av ungdommar med ulik bakgrunn, og funne fram til stadig nye talent. Ho har meir en nokon annan gått i brodden for at IL i BUL har vore ein eineståande møtestad for born og ungdom.

Før Unni vart aktiv som oppmann og trenar hadde ho sjølv ei aktiv karriere med fleire medaljar i NM i friidrett.

Laget er ikkje i tvil om at Unni over lenger tid har lagt ned ein innsats for BUL som går langt ut over der vi kan forvente, og fortener utnemninga som heiderslagsmedlem.

 

Arne Nordvi

Heiderslagsmedlem Arne Nordvi

Arne Nordvi, eller Røkleivhytta personleg. Han er fødd i 1944 og vaks opp i Trondheim. Han kom med i laget i 1971. Arne har hatt si verksemd i hovudlaget og i Idrottslaget.

Arne har vore ei klippe i lagsarbeidet gjennom lang tid. Han har vore med i lagsstyret i fleire periodar – og har to periodar som lagsleiar. Han har teke på seg verv i periodar der det var vanskeleg å få folk til å stille i styringa av laget. Arne har vore med i Rådet i fleire periodar. Ein ting han har brunne for og gjort ein veldig innsats for er Røkleivhytta. Der har han vore styreleiar, administrert vedlikehald, fornying og utleige.

Med hans innsats har laget no ei hytte vi kan vere stolte av.

Arne har også vore aktiv som idrottsmann med gode resultat på mellomdistanse i friidrett, og han har og vore ein viktig deltakar på laga vi har hatt i Holmenkollstafetten. Arne har heller ikkje takka nei når vi på kort varsel har trengt ein pianist.

Laget er ikkje i tvil om at Arne gjennom verv og annan innsats har bidrege til lagsmiljøet i BUL og til at Røkleivhytta har utvikla seg så framifrå at han fortenere å bli heiderslagsmedlem.

 

Olaf Almenningen

Heiderslagsmedlem Olaf Almenningen

Olaf Almenningen er lagshistorikaren vår. Han er fødd i 1947 og er frå Voss i Hordaland. Han har vore medlem i laget frå 1979 og har vore aktiv både i hovudlaget og i Idrottslaget.

Det Olaf særleg vil bli hugsa for er arbeidet han har gjort for å skrive historia vår. Han var redaktør og forfattar av 90-årssoga til laget, «Og byen er vår bror». Han var og redaktør av bøkene Idrottslaget laga ved sine 80- og 100-årsjubileum.

Olaf har også hatt ulike verv i laget og han var leiar i Idrottlaget frå 1997 til 1999. Han har også hatt mange dugnadstimar for Røkleivhytta dei siste åra. Olaf har vore rådsmedlem i fleire periodar. Olaf er ivrig målmann og er ein av dei som har gjort mest for nynorsken i BUL, m.a. i studienemnda på tidleg 1980-tal.

Utanfor BUL har han vore aktiv i målsaka som nestleiar i Norsk målungdom i 1972-1973 og skrivar i Noregs mållag frå 1976-1987. I den seinare yrkeskarrieren vart han professor i nordisk språkvitskap gjennom arbeidet med Norsk ordbok. Dette er også arbeid som er høgt verdsett i landets største mållag.

Laget er ikkje i tvil om at Olaf som historikar og ihuga målmann har lagt ned ein innsats for BUL som vil vere til nytte for lagsføremålet og lagsflokken i generasjonar frametter og at fortener utnemninga til heiderslagsmedlem.

 

Edvard Lauen

Heiderslagsmedlem Edvard Lauen

Edvard Lauen var ei hovuddrivkraft i den store omskipinga av forretningsverksemda til BUL. Han er fødd i 1954 og vaks opp i Birkeland i Agder. Han har vore medlem i laget frå 1975 og ha hatt omfattande verksemd for BUL både i Hovudlaget og i Leikarringen.

Edvard vart med i BUL og i Leikarringen då han kom til Oslo som student. Edvard vart raskt trekt inn i arbeid for laget og var lagsleiar frå 1981 til 1983. I hans periode var den store saka framtida for forretningane. Det hadde vore store underskot i mange år, og bygardar var blitt selde for å dekke opp dette. Ved ein revolt i laget vart gode yngre krefter i laget mobilisert. Enden på visa var at forretningsverksemda vart omskipa til aksjeselskap, og overføringane til laget kom etter dette i form av rentebetalingar.

Edvard var ei drivkraft i denne omskipinga, og verdiane som er skapt gjennom dette er grunnlaget for laget sin etter måten gode økonomi og uavhengige stilling i dag.

Edvard har i alle år hatt eit godt auge med forretningsverksemda og sat i rådet gjennom resten av åtti-talet og i nittitalet. På slutten av 1990-talet var han leiar for forretnings­styret i nokre år. Han vart med i det sterkt reduserte rådet på 2000-talet. Han hadde då flytt til Lillesand, men kom til dei fleste møta og bidrog med si røynsle.

I tillegg til å vere ein aktiv dansar har Edvard vore leiar i Leikarringen, og også ein av fleire rettleiarar i ein periode.

Laget er ikkje i tvil om at Edvard gjennom sine mange verv har bidrege til at laget og eit forretningsdrifta har utvikla seg på ein framifrå måte for laget og at at han fortenere å bli heiderslagsmedlem.

 

Vigdis Rønning

Heiderslagsmedlem Vigdis Rønning

Vigdis Rønning er ein trufast slitar i lagsstyret. Ho er fødd i 1956 og er frå Levanger i Trøndelag. Ho har vore medlem i laget frå 1987 og i tillegg til arbeidet for lagsstyret, har ho vore aktiv i Idrottslaget.

Vigdis har hatt ulike verv både i Idrottslaget og i Hovudlaget. Ho var leiar i IL 1988-90, ho har fleire periodar som styremedlem i hovudlaget, og er no rådsmedlem. I tillegg har ho vore medlem av Valnemnda til BHAS. Samtidig har ho vore rennleiar for BUL-sprinten i mange år og ho leia jubileumsnemnda i Idrottslaget ved 75-årsjubileet.

Som utøvar var Vigdis på landslaget i langrenn og ho var med på laget i VM i Lahti 1978. Ho har og ei rad andre gode plasseringar særleg på ski, men også i m.a. terrengløp. Ho har og vore med på å vinne Holmenkollstafetten. Utanom lagsverksemda kan det nemnast at ho fram mot Lillehammer OL var leiar i aktivitetsprosjektet «Folk i form til OL».

Laget er ikkje i tvil om at Vigdis over lenger tid gjennom verv i Idrottslaget og i Hovudlaget har lagt ned ein innsats for BUL som går langt ut over der vi kan forvente og ho fortenere å bli heiderslagsmedlem.

 

Nils Norman Iversen

Heiderslagsmedlem Nils Norman Iversen

Nils Norman Iversen vart fødd i 1961 og er frå Verdalsøra. Han har vore medlem i laget frå 1992 og ha hatt det meste av si verksemd for BUL i Songlaget.

Nils har fleire periodar som styremedlem i Songlaget og var leiar i Songlaget ein periode. Han har vore aktiv og pådrivar for utvikling av Songlaget si deltaking i, og dermed heile laget sin profil på, 17. mai-arrangementet. Dette passar inn i hans alltid positive haldning til fellesarrangement i laget.

Nils har medverka sterkt til rekruttering i Songlaget med å vere kontaktskapande, inkluderande og positiv til aktiviteten i koret, samtidig som han har vore ein viktig pådrivar for å skaffe oppdrag til Songlaget. Hans fine veremåte har medverka positivt til at BUL og Songlaget har fått kontakt, relasjonar og skapt eit godt inntrykk utetter. Dette har gjort at han har vore ein kjend medlem i BUL og Songlaget i svært mange år, som mange har hatt tillit til og samla seg om

Nils hatt ei sentral rolle i tilskipingar både i BUL og Songlaget sine konsertar også med dekorasjonar av lokala. Han har i praksis sytt for at koret har fremja verdigrunnlaget til BUL på ein positiv måte.

Laget er ikkje i tvil om at Nils Norman sin innsats for laget som heilskap har bidratt til at vi har utvikla oss på ein framifrå måte og at han fortener utnemninga som heiderslagsmedlem.

 

Frå tidlegare er Ruth Amdal utnemnd som heiderslagsmedlem.

Ruth Amdahl, nr 2 frå venstre vart utnemnd til heidersmedlem for fleire år sidan. Her saman med dei nye heidersmedlemane Olaf Almenningen, Vigdis Rønning og Arne Nordvi