Klubbstemne Høst IL i BUL

29. september kl 17.00-19.30 arrangerer IL i BUL klubbstemne på Bislett for barn og ungdom i alderen 6-14 år.

Tidsskjema ligger her: Tidsskjema klubbstemne 29.09.21

Under stemna vil følgjande øvingar arrangerast i dei ulike aldersgruppene:

  • 6-9 år: 60m, Lengde og Liten ball
  • 10-12 år: 60m, 600m, Lengde, Liten ball
  • 13-14 år: 60m, 600m, Høgde og Kule

Forbehold om mindre endringer pga påmeldingstall.

Påmelding til stemna blir gjord på minidrett.no, og vi minner om at fristen for å melda seg på er måndag 27. september.
Tidsskjema med eksakte tidspunkt for når dei ulike øvingane startar, vil bli publisert tidleg på dagen tysdag 28. september.

For å få gjennomført stemna er klubben avhengig av at foreldre stiller som funksjonærar i dei ulike øvingane og i sekretariatet. Dette inneber enkle oppgåver som ikkje krev noko forkunnskap. Det er òg viktig at vi får nok foreldre som kan stilla opp sånn at trenarane kan bruka tida på å følgja opp barna.

Oppmøte for funksjonærar vil vera kl 16.30 på Bislett stadion. Nærmare informasjon vil bli sendt ut til alle som melder seg på.