Lagsmøte (medlemsmøte) i Bondeungdomslaget i Oslo

Tid: Onsdag 6. mars kl. 18.00–20.00

Stad: Teatersalen, Rosenkrantz’ gate 8

Sakliste:

Val av utsendingar til årsmøtet i Bygdelagssamskipnaden (BLS)

BUL er medlem av BLS, som er fylkeslag for Oslo og Akershus i Noregs Ungdomslag. Vi skal velje inntil ti utsendingar til årsmøtet 19. mars. kl. 18. Du kan melde deg til lagskontor@bul.no om du er interessert i å vere utsending.

Alkoholservering på Kaffistova. Informasjon og diskusjon.

På dette lagsmøtet blir det presentasjon av rapporten, mogelegheit for å stille spørsmål til BHAS, og høve til å diskutere. Ingen vedtak skal gjerast på dette møtet.

Basert på erfaringane i rapporten, ei vurdering av kundetilbod, økonomi og marknadsutvikling, ønskjer styret i Bøndenes Hus (BHAS) at det blir allment skjenkeløyve på Kaffistova/Bondeheimen, slik at alle gjestar kan kjøpe alkohol. Formelt er dette vedtak som skal gjerast i generalforsamlinga og godkjennast av årsmøtet i BUL.

Kaffistova har hatt ei prøveordning med alkoholservering i lukka lag. Denne prøveperioden går ut 30. juni. Basert på erfaringane i prøveperioden har Bøndenes Hus laga ein evalueringsrapport.