Vil du vera med å utvikle organisasjonen vår? Vi har ledig stilling som organisasjonsrådgjevar.

SØKNADSFRIST: Laudag 1. august 2026

Send søknad og CV til [email protected]

Er du allsidig, strukturert, ser nye måtar å gjere ting på, god på administrasjon, til å  lytte og å få ting gjort? Og har du engasjement og interesse for organisasjonsarbeid og medlemsutvikling. Då er du kanskje den nye organisasjonsrådgjevaren vår?

Om oss

Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) er ein frivillig kulturorganisasjon som driv med idrett, teater, folkedans, kor og nynorskarbeid i sitt eige kulturhus midt i Oslo sentrum. BUL er ein demokratisk styrt medlemsorganisasjon med tett dialog mellom tillitsvalde, medlemmer og administrasjon. På kontoret er det seks tilsette (5,5 årsverk), tre av desse i Idrottslaget i BUL Oslo. Aktivitetane er organisert i fire særlag med kvart sitt styre, og organisasjonsrådgjevaren  jobbar på tvers av desse særlaga. Laget har også to hytter som blir leigd ut til medlemmer og andre.

Vi ynskjer ein person som, i samspel med hovudstyret, dei andre tilsette og særlaga vil vera med å utvikle og synleggjere laget og aktivitetane våre. Du må trivast både med administrative og praktiske oppgåver.

Viktige arbeidsområde

Organisasjonsarbeid

  • utvikle og synliggjere laget og aktiviteten
  • intern og ekstern informasjon knytt til lagsaktivitet
  • hjelpe særlaga og dei tillitsvalde i drifta av aktivitetane
  • utvikle gode rutiner for å gjere det lettare å vera medlem og tillitsvald
  • oppfølging av strategi- og handlingsplan for å sikre at planane blir gjennomført

Administrative oppgåver

  • drifte og vedlikehalde medlemssystem
  • organisere bruk og utleige av lagslokale og hytter
  • følgje opp utviklingsbehov i lagslokala
  • organisere og hjelpe til ved ulike møte og arrangement
  • søknadsarbeid

Du vil samarbeide tett med dagleg leiar og assistere stillinga i oppgåver innan økonomi og styrearbeid. Ved feriar og fråvær fungerer du som dagleg leiar og får nyttig erfaring i organisasjonsleiing.

Vi ser etter deg som

  • har erfaring frå medlemsorganisasjonar som tilsett eller tillitsvald
  • er ryddig og strukturert
  • er sjølvstendig, tek initiativ og likar å ta i eit tak
  • har tankar og idear om utvikling av frivillige medlemsorganisasjonar
  • er glad i folk, og å organisere og koordinere
  • har god IT/systemforståing og gjerne erfaring med medlemssystem, nettsider og sosiale media
  • kan uttrykke deg godt munnleg og skriftleg og kan bruke nynorsk som arbeidsspråk
  • har relevant utdanning.

BUL har nynorsk som administrasjonsspråk, og du må kunne lese korrektur for andre tilsette og tillitsvalde. Søknaden må vera på nynorsk for å bli vurdert.

Hos oss ser vi det som ei styrke å ha medarbeidarar med ulik bakgrunn, livserfaring og perspektiv. Vi oppmodar alle som meiner dei har rett kompetanse å søke.

 Om stillinga

  • 100% fast stilling, med 37,5 timar normalarbeidstid med fleksitid
  • noko kveldsarbeid må påreknast
  • løn etter avtale (avhengig av kompetanse og utdanning)
  • god pensjonsordning
  • personalkantine og rabattordningar
  • vi nyttar Office 365, økonomisystemet Xledger og medlemsystemet StyreWeb

Arbeidsstad er fysisk i kontorlokala våre i Rosenkrantzgate 8, og fleire av arbeidsoppgåvene krev fysisk oppmøte. Noko heimekontor er mogleg.

Om søknadsprosessen

Har du spørsmål, ta kontakt med styreleiar Astrid Marie Grov ([email protected]). Send søknad og CV til [email protected], innan 1. august.

Du treng ikkje skrive ein omfattande søknad, men vi vil gjerne vite kven du er og kvifor du ynskjer å jobbe hos oss. Det er positivt om du skriv litt om korleis du kan hjelpe oss med å utviklikle organisasjonen og medlemmene.

Meir om Bondeungdomslaget i Oslo

Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) vart skipa i 1899 for å vere ein trygg møteplass for innflyttarar til hovudstaden. I dag, 127 år etter, driv vi dei same aktivitetane, men du treng ikkje vere innflyttar for å bli med. Vi har om lag 800 medlemmer i alle aldrar i fire aktivitetsgreiner (særlag): Idrottslaget, Songlaget (kor), Teaterlaget og Leikarringen. BUL er kjend for Sentrumsløpet, folkedans og brusteinsball på 17. mai, nynorsk teater og kor som fokuserer på folketonar og nynorske songar. Teatersalen/Nynorsken hus er eit lite kulturhus med ei rekke interne og eksterne arrangement.

BUL eig Rosenkrantz’ gate 8, og forretningsverksemdene Hotell Bondeheimen, Kaffistova og Heimen Husfliden. Vi har to hytter: Røkleivhytta i Nordmarka og Bondehytta i Nittedal. BUL er både eit ungdomslag og eit mållag og er difor lokallag i Noregs Ungdomslag (NU) og Noregs Mållag (NM). Idrottslaget er med i Idrettsforbundet og Songlaget i Korforbundet. Saman med NU og Det Norske Teatret eig vi Den mangfaldige scenen AS. BUL er den største einskildaksjonæren i Det Norske Teatret. Vi er medeigar i avisa Dag og Tid, og ein av stiftarane av Norsk Barneblad. Saman med ei rekke nynorskorganisasjonar er vi med i Nynorsk forum.

Vil du jobbe med denne fine gjengen?