Unni Helland tildelt Kongens Fortenestemedalje
BUL gratulerer Unni Helland med å ha vorte tildelt Kongens Fortenestemedalje framfor eit fullsett stadion under Bislett Games, onsdag 10. juni!
Det er ikkje anna å seie enn at dette er vel fortent etter innsatsen hennar for norsk friidrett og for BUL gjennom ufatteleg mange år. Statsforvaltar Jan Tore Sanner, som delte ut medaljen, la særleg vekt på det Unni har gjort for kvinnelege utøvarar og jenter i idretten.
Dette var rett og slett eit rørande augeblink å få oppleve, og noko alle BUL-medlemer unner deg, Unni.
https://www.kongehuset.no/monarkiet/ordener-og-medaljer/tildelinger

