17. mai med Bondeungdomslaget i Oslo
Det blir i år tradisjonen tru både folkedans før barnetoget på Karl Johan og Brusteinsball på Universitetsplassen.
Dans på Karl Johan
Oversyn over dansepara. (kjem)
Program
09.00: Oppmøte på Egertorget
ca. 09.15–10.15: Leikarringen dansar opp Karl Johans gate
ca. 10.20: Gruppefoto framfor Slottet
16.00: Framsyning på Ensjøtunet
18.14: Brusteinsball på Universitetsplassen
Den 5. mai og 12. mai er det tradisjonelle 17. mai-øvingar for dei som skal vere med på Karl Johan. I år er det Oda Johannesen Hernes og Ingrid Skrindo som er danseleiarar!
Påmeldingsfrist er 4. mai!
Alle som skal vere med å danse må vere med på minimum 1 øving. På øvingane vil det kun bli gjennomgang av dansane me dansar på Karl Johan, ikkje opplæring. Treng du opplæring av dansane må du delta på grunnkurs i forkant.
Dansarar frå andre lag er hjarteleg velkomne til å vere med, men på dei vilkåra som står over.
Unntak for vilkåra om øvingar må bli avtalt med 17. mai-nemnda pr. epost til [email protected].
Aldri vore med på å danse på Karl Johan på 17. mai før?
Om du ikkje har vore med før, eller ein eller fleire av dansane på danselista er ukjende for deg er det bør du delta på grunnkurs på onsdagar. Alle grunnkurs før 17. mai 17.mai-dansar. Datoene er 29. april, 6. mai og 13. mai kl. 19.30-21.00.
Her får du ein god innføring i dansane slik at du har den nødvendige kunnskapen for å kunne danse Karl Johan på 17. mai.
Oppmøte for alle dansarar kl. 09.00 på Egertorget.
Me er ferdige med å danse på Slottsplassen ca. kl. 10.15. Når me er ferdige med å danse på Slottsplassen får me gå innafor sperringa framfor slottet. Der blir det felles gruppebilete før alle går kvar til sitt (evt. blir ståande for å sjå på barnetoget).
For å vere med å danse må du stille i bunad eller tilsvarande folkedrakt frå anna land, med unntak av russen som får danse i russedress. Leikarringen eig ei rekke bunader medlemmane kan låne ved behov. Ta kontakt med bunadsnemnda eller styret i Leikarringen om du treng hjelp. Bunadsnemnda er til stades på dei to 17. mai-øvingane.
I år er det Oda Johannesen Hernes og Ingrid Skrindo som er danseleiarar!
Framsyning på Ensjøtunet
I god tradisjon dansar Leikarringen framsyning på Ensjøtunet kl. 16.00, oppmøte 15:30. Inkl. kake og kaffi så held det på til rundt 17.00. Ønskjer du å vere med å spreie litt danseglede til den eldre garde, så kan du sende ein e-post til Signe-Marie Hernes Bjerke: [email protected].
Program på Ensjøtunet 2024:
Tremannsril fra AureTretur frå FanaSeksmannsril
EikerrilLars LenkelifotFlaumen gårUng ÅslaugStrid for fredBunadframsyningMølledansenÅttetur fra AskerRugen / ReinlenderHallingPolsVardevakt
Brusteinsballet
Bondeungdomslaget i Oslo arrangerer Brusteinsball på Universitetsplassen i Oslo kl. 18.14-20.00.
Dette er ein gatefest for alle som vil vere med å på leik og folkedans. Det er stort oppmøte og god stemning med stor blanding av barn og vaksne, med og utan bunad, med svært varierande dansekunnskap, og turistar og folk frå byen. I år er det Tone Ingvaldsen som er danseleiar!
Program for Brusteinsballet
| Kl. 18:14 | Songlaget i BUL (blandakor) syng tre songar inkl. Ja vi elsker. |
| Kl. 18:25 | Brusteinsballet opnar med polonese. Leikarringen i BUL demonstrerer og retteleier alle som vil vere med. |
| Dans og leik fram til kl. 20:00 | |
Bondeungdomslaget i Oslo ønskjer alle ei feiande flott feiring av nasjonaldagen!
Danseprogram Karl Johan
Songdansar:
Musikkdansar:
- Åttetur frå Asker
- Rørospols
- Ril frå Sandsvær
- Parhalling og/eller laus
- Firetur frå Romerike
- Seksmannsril
- Tretur frå Fana
- Eikeril
Tidsplan Karl Johan
| Tid – anslag | Stad | Kva |
| 09:00 | Egertorget | Oppmøte |
| 09:15 | Bind deg ein blomekrans (x2) | |
| Åttetur frå Asker (x2) | ||
| Marsj 4 par | ||
| Rosenkrantz gate | Lars Lenkelifot (2 vers) | |
| Pols (3 runder) | ||
| Ril frå Sandsvær | ||
| Marsj 4 par | ||
| Tanum | Rugen (x2) | |
| Parhalling + halling (BULder og Brak) | ||
| Marsj 4 par | ||
| Universitetsplassen | Tretur frå Fana (3 runder) | |
| Seksmannsril (x2) | ||
| Halling (BULder og Brak) | ||
| Marsj 4 par | ||
| Fredriks gate | Firetur frå Romerike (x2) | |
| Ril frå Dønna | ||
| Bind deg ein blomekrans (x2) | ||
| Marsj 4 par | ||
| Slottsplassen | Åttetur frå Asker (x2) | |
| Ril frå Sandsvær | ||
| Rugen (x2) | ||
| Halling (BULder og Brak) + parhalling med alle | ||
| Seksmannsril (x3) | ||
| ca. 10:15 | Ferdig | |

