Foto: Eirik Førde

Torsdag 7. juni var det nok ein gong Oslo Bislett Games. IL i BUL hadde mange spennande utøvarar til start, både i hovudprogrammet og i dei nasjonale forøvingane. Slik gjekk det med BUL sine representantar:

Hovudprogrammet

Isabelle Pedersen, 100 meter hekk

Isabelle kom til Bislett med mange flotte løp og ein sterk årsbeste på 12,76 frå Diamond League-stemnet i Shanghai 12. mai. I dei siste konkurransane før Bislett fekk ho ikkje hundre prosent klaff, og mange var spente på kva ho ville klare å utrette framfor heimepublikummet på torsdag kveld. Isabelle skuffa ikkje, og løp seg inn til sterke 12,78. Med dette fekk ho ein fin fjerdeplass i eit veldig godt felt. Gratulerer!

Lene Retzius, Stav

Etter ein fantastisk konkurranse På Clean Air Games nokre dagar tidlegare, var det spennande å sjå Lene for første gong i karrieren hoppa i Diamond League. Ho starta konkurransen med å ta 4,06 i andre forsøk før ho hoppa over 4,26 i første. 4,41 blei for høgt denne gong, men Lene må likevel sjå seg nøgd med debuten i Diamond League. Ho har verkeleg heva nivået dei siste vekene, og vi gleder oss til å sjå Lene i stemna som kjem og etter kvart i EM i Berlin i August!

Yngvild Elvemo, 800 meter

I eit råsterkt 800-meterfelt på Bislett sprang Yngvild inn til ny personleg rekord, 2:01.65. Ho var rett bak Hedda Hynne og framfor svenske Lovisa Lindh i mål. Dette lovar svært godt for tida som kjem, og er ei god stadfesting på at arbeidet som er lagd ned det siste året har vore godt. Vi gleder oss til dei komande konkurransane og EM i august!

Weldu Negash Gebretsadik, 10 000 meter

Den sterke varmen på Bislett skulle vise seg å gjere 10 000 meteren til ein skikkelig kraftprøve. Weldu sprang eit godt løp, og fekk resultatet 29:21.23. Dette er personleg rekord for Weldu. To dagar seinare sprang Weldu Birkebeinerløpet. Der vann han enkelt som så mange gongar tidlegare, på flott tid 1:05:15. Nesten to minutt framfor nummer to, Ubumaichael Fissehatsion frå Tjalve. Det blir spennande å sjå Weldu både på og utanfor banen i tida som kjem!

Forøvingar

Sigrid Jervell Våg, 800 meter

Etter ein sterk første del av sesongen fortsett pila å peike oppover for Sigrid. På Bislett klinte ho like godt til med 2:08,12, noko som er personleg rekord med to sekund. Utruleg sterk løping, og nok eit teikn på konstant utvikling. Kven veit kva resten av sesongen vil bringe?

Stephan Skogheim Kyeremeh, 200 meter

Etter ein alvorleg ryggskade sette Stephan aldersrekord i 17-årsklassen i sin første konkurranse for sesongen. På Bislett på torsdag gjorde han det igjen. Den nye rekorden lyder 21,31. Kor fort kan Stephan springe i sesongen 2018?

Luca Thompson, 400 meter

Luca sette ny personleg rekord i sin første 400 meter for sesongen. I sin andre, på Bislett Games, blei det endå ein rekord. Denne gong 48.18. No er det ikkje lenge før vi ser 47-talet på klokka for Luca!

Riquelvis Santiago, 100 meter

Etter ein middels start på sesongen, losna det skikkeleg for Riquelvis på Bislett. 10,92 i godkjent medvind er verkeleg eit stort steg i riktig retning og ikkje langt unna den personlege rekorden som lyder 10,83!

4×200 meter miksstafett

Med åtte lag på start sprang dei to BUL-laga seg inn til 2. og 3. plass. Berre det eine laget til Tyrving var framfor. Gratulerer!

For komplette resultat, kan du sjå:
https://oslo.diamondleague.com/program-resultat-oslo/

Vi ser fram til resten av sesongen!

Eirik Tanberg
Sportsleg Leiar/administrativ leiar
IL i BUL/Asics Sentrumsløpet