Lite positivt statsbudsjett for kulturfrivilligheita og mykje av aktiviteten i BUL.

, ,

Sjølv om momskompensasjonsordninga blir styrka, og straumstøtte for frivillige organisasjonar blir vidareført  er det ikkje mange lyspunkt i årets statsbudsjett for fleire av dei nærskylde organisasjonane våre, og  det frivillige kulturlivet som heilskap. Fleire av kutta som er foreslått kan også verke inn på aktiviteten i særlaga og i BUL.

Kutt til fleire nærskylde organisasjonar

Noregs Ungdomslag får eit kutt på nær ein million av løyvinga si over statsbudsjettet. Kuttet vil påverke arbeidet med rådgjeving og kompetanseheving for frivillige kulturbygg over heile landet. Dette skjer samtidig som Stortinget i vår samla seg om behovet for å styrke rammevilkåra for dei organisasjonseigde kulturbygga.

Noregs Mållag får eit kutt på 775 000, som med prisjustering er nesten den millionen som vart løyvd i budsjettforliket for 2026. Også Noregs Husflidslag får eit kutt på 1,1 millionar kroner.

Les meir om reaksjonane til Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag.

Bekymringsfullt for stønand til studieforbundordninga

Dei kanskje mest bekymringsfulle forslaga er kutta til studieforbunda som på 70 millionar, om lag 26% av ordninga. Studieforbundsordninga er eit viktig verktøy for læring og kompetansebygging i det frivillige organisasjonslivet gjennom kursverksemd. For både Leikarringen og Teaterlaget er stønaden frå Studieforbundet kultur og tradisjon eit viktig økonomisk tilskot til den årlege aktiviteten. Det markante kuttet skjer i ei tid med høg kursaktivitet, og eit stort behov for å ha fysiske møteplassar.

Les meir hjå Studieforbundet kultur og tradisjon, Voksenopplæringsforbundet (VOFO) og Frilynt Norge.

Meir positivt for idretten

For idretten er budsjettforslaget langt meir positivt. I tillegg til momskompensasjonen blir stønad til eit nytt toppidrettssenter og framhald med reisestøtte for idrettslag i Nord Noreg trekt fram som positive saker. Samtidig trekk Noreg idrettsforbund fram at det er negativt at ordninga med aktivitetshjelpemidel for personar med funksjonsnedsettingar over 26 år ikkje blir styrka og heller føreslått stramma inn. Det er heller ikkje lagt inn ekstrainnsats i budsjettet for å sikre at barn og ungdom kan delta i idrett avhengig av økonomi.

Les pressemeldinga frå Noregs idrettsforbund.