Dei siste vekene har dei fire særlaga våre Idrottslaget, Leikarringen, Songlaget og Teaterlaget hatt årsmøte, og i to av fire særlag har det vore leiarskifte. I Songlaget overtek Mari Lundevall roret etter Karianne Johansen og i Teaterlaget Amalie Dalaker etter Endre Flatmo. I Idrottslaget fortset Marius Frøvig Schneider, som har vore leiar sidan 2024, og i Leikarringen Elise Birgitte Haugsten Thomassen, som har vore leiar sidan 2025.

Særlaga er ein del av både den faglege og organisatoriske grunnmuren i Bondeungdomslaget i Oslo. Det er her det meste av aktiviteten går føre seg, men også mykje av medlemsdemokratiet. Alle særlaga har eigne styre som styrer sin eigen aktivitet, økonomi og strategiske arbeid. Som elles i organisasjonslivet er det årsmøta som er det høgaste organet. I år var hovudsaka på to av årsmøta leiarskifte, der både Songlaget og Teaterlaget takka av sine fleirårige leiarar og ynskte nye velkomen.

Kvinne i bunad

Karianne Johansen har vore med i Songlaget sidan 2009. Med lang fartstid også i Leikarringen, er bunaden  ofte i bruk. Foto: Songlaget i Bondeungdomslaget i Oslo

Utseld julekonsert og ungdomsteater på rulleskøyter

Karianne Johansen har vore leiar i Songlaget sidan 2020, og medlem i koret frå 2009. Ho har også ei lang og brei fartstid i Bondeungdomslaget. Karianne byrja i Leikarringen i 1993, og har i løpet av tida si i laget også sete i Lagsstyret, og er no medlem av rådet.

I leiarperioden har Karianne både vore gjennom pandemi, med alle sine utfordringar, men også at Songlaget i perioden har opplevd ein oppsving, både når det kjem til medlemstal og musikalsk kvalitet. Medlemstalet har nesten dobla seg i perioden, og er no godt over femti. Det har også vore eit generasjonsskifte, som Karianne er godt nøgd med. Med tilsettinga av Knut Kristian Mohn har koret styrkt den musikalske kvaliteten. Tilsettinga av Mohn, men kanskje overraskande også covid-pandemien, trekker Karianne fram som årsaker til at Songlaget i dag står fram som eit sterkt og levedyktig kor.

Og Karianne gjev seg på topp! Heim til Jol, fjorårets julekonsert var i ei utseld og fullsett Sagene kirke.

I Teaterlaget gjev Endre Flatmo seg som leiar etter å ha leia laget sidan 2019. Han har vore medlem i Teaterlaget sidan 2014.  I Endre sin leiarperioden har Teaterlaget både utvikla og utfordra seg sjølve. Reint fysisk kan det kanskje oppsummerast i framsyninga Blood on ice hausten 2022 – ungdomsteater der skodespelarane gjekk på rulleskøyter. Utfordringa og leiken i laget er også det Endre trekker fram som noko av det kjekkaste i perioden. Mest utfordrande var kanskje ikkje overraskande covid-åra, med skiftande råd, reglar og usikkerheit. Samtidig trekker Endre fram det at Teaterlaget faktisk greidde å møtast, og ikkje minst lage teater i perioden, som ei god oppleving.

Ung mann i raudt treningstøy

Endre Flatmo i Blood on Ice, 2022. For høvet kledd i treningstøy frå Idrottslaget. Foto: Teaterlaget i Bondeungdomslaget i Oslo.

Mari og Amalie tek over stafettpinnen

Mari Lundevall som tek over leiarvervet etter Karianne i Songlaget, har også ein historikk i BUL. På 1990-talet hadde ho nokre fine år i Ungdomsringen til Leikarringen. Så då ho fekk plass i kvardagen til å synge i kor igjen i 2022, var Songlaget det naturlege valet. Som Karianne, har ho også nokre år i Lagstyret, som ho no byter ut med leiarvervet i Songlaget. Når Mari ikkje driv med lagsaktivitet, er ho mellom anna bibliotekar på Universitetet i Oslo og leseleiar på  Deichman.

Fire kvinner rundt et bord

Valet fall på Songlaget då Mari Lundevall (med blått skjerf) fekk tid til å synge i kor igjen. Her frå seminar på Granavolden Gjæstgiveri hausten 2024. Foto: Songlaget i Bondeungdomslaget i Oslo.

Amalie Dalaker som tek over stafettpinnen etter Endre Flatmo er kanskje ny som leiar i Teaterlaget, men teater er noko ho har drive med heile livet. Ho kom inn i Teaterlaget i 2019, og har sidan då gestalta mellom anna italiensk bever og alkoholisert krimforfattar. Når ho ikkje driv med teater arbeider Amalie i rusomsorga med personar i aktiv rus. Som ny leiar av Teaterlaget ynskjer ho å fortsatt ha fokus på inkludering og meistring, og at medlemmene skal bidra og kjenne på skaparglede saman.

Teater, kvinne utkledd som bever

Amalie Dalaker som beveren Mario i Samson og Roberto, 2025. Foto: Teaterlaget i Bondeungdomslaget i Oslo

«Særlagsleiarane er særs viktige  tillitsvalde i organisasjonen vår» seier lagsleiar Astrid Marie Grov og takkar Endre og Karianne for innsatsen dei har gjort som særlagsleiarar gjennom  mange år og ynskjer samtidig Mari og Astrid velkommen med på laget.