Oddrun Helene Hokland til minne

Oddrun Lange, som vart vel 79 år gammal, døydde 18. mars. For 60 år sidan var ho mellom kvinnene den beste friidrettsutøvaren i landet. Men ho kom som ein storm frå Vistdal IL inn i terrengløpa allereie  i 1959, då eg opplevde hennar debut på nært hald. Inga jente hadde den gongen tidlegare stilt opp under noko kretsterrengløp i Romsdal, og det gjekk mange år før ho fekk nokon etterfølgjar. Men Oddrun Lange var ikkje særleg kvisam og melde seg på mellom dei yngste gutane. Og med i vistdalstroppen til Bolsøya kom m.a. broren Rolf Lange, som etter nokre år i BUL-drakt, sprang 3000 m så å seie like fort som Kjersem, og den militære verdsmeisteren på ski, Aslak Nerland. Ein viktig støttespelar var også Arne Ødegaard.

Nokon kvar av dei sterkaste gutane i kl. 14.- 16 år frå Indre Romsdal, fekk nok ein skrekk i livet då Aslak Nerland hadde med seg ei jente i troppen, ikkje minst sidan han gjekk rundt med eit farleg lurt smil. Oddrun Lange var den aller første jenta som stilte opp i eit terrengløp i Romsdal, noko som for andre jenter var utenkjeleg på mange år enno. No var ho slett ikkje komen til Bolsøya for å spele ludo, opna kollosalt og leia sjølv etter 400 m. Eg for min del var den første som sprang forbi henne, men i mål var ho desidert sist – og nr. 15. Ho nøgde seg ikkje med denne starten, men stilte seinare også opp i ei knallhard løype på Istad, i konkurranse  med mellom anna den seinare førolympiske meisteren på 50 km langrenn Audun Nerland frå si heimbygd. Og etter vart ho også no, men ikkje så langt etter som sist. Men dette var ein utøvar som ville noko, og som arbeidde på lang sikt, og som vart ein typisk eksponent for den innsatsvilje ein kunne finne i Vistdal IL.

Den første kvinna som merka seg ut i friidrett i Romsdal, var Oddrun Lange likevel ikkje. På Molde hadde 14-årige Bjørg Kristiansen hoppa over den norske rekorden i lengde u.t. på skuleidrettsstemnet for Romsdal 15. september 1958, men allereie året etter var Oddrun Lange nr. 3 i lengde under NM på Hamar, på ei tid då ein i Romsdal hadde tre jenter som så å seie var like gode. Og i årets siste stemne måtte til og med Oddun Lange bite i graset for Karen Fladset i Tresfjord. Å slå Oddrun Lange skulle derimot verte verre etter kvart, og i åra 1960-62 var ho medlem av Sportsklubben Olymp, som i 1961 var landets beste friidrettsklubb for kvinner, med førstepremie i hovudserien. Og så hadde ein også store leiarar som mellom anna Erling Skaget og Magne Helle i sine rekkjer. Den same sesongen vart Oddrun Lange norsk meister på Krohnsminde stadion i lengde på norsk rekord og vann kongepokalen, som den einaste kvinne i friidrett frå ein romsdalsklubb til no. Det var jo på denne bana at eresfjordingen Martin Bugge Nesset hadde herja så formidabelt 24 år før.

I det heile hevda Oddrun Lange seg godt i dei fleste øvingar ho prøvde seg i, og ho sette ei lang rad med norske rekordar, m.a. i lengde ved EM i Beograd i 1962 og i høgde og under 5-kampen ved OL i Tokyo i 1964, då  ho vann eitt av heata på 200 m. Sin siste norske rekord – og den 19. totalt – sette ho  i København i 1966. Hadde ein den gongen hatt øvingar som tresteg, 400 m hekk, stav og slegge for kvinner, er det ikkje tvil om at Oddrun Lange ville ha greidd seg med bravur også i slike øvingar. Men sjølv så seint som rundt 1970 vart det i bladet Friidrett hevda at kvinna sin plass var ved kjøkkenbenken, samtidig som landets fremste friidrettsjournalist oja seg over at ei ny tid var i emning.

No, ja, Oddrun Lange, som fekk etternamnet Hokland frå 1964, var medlem av BUL frå og med 1963. I resten av sine store sesongar (1963-66) oppheldt ho seg då på Austlandet før ho flytta til Kvæfjord, der ho budde resten av sitt liv. Nordpå var ho nesten ikkje med i friidrett, men ho hadde nær  kvalifisert seg i spyd til det nordnorske laget (som skulle møte Island i  Reykjavik) så seint som i 1980. Ho kasta faktisk langt nok, men sidan spydet landa flatt, fekk ho ikkje noko godkjent resultat. Til gjengjeld var ho eit velkjend organisasjonsmenneske, med styreverv både i Norges Friidrettsforbund og i Norges Bondelag.

Ikkje mindre enn 50 gonger sto ho på sigerspallen ved ulike NM ute, inne og på hallnivå. Halvparten av medaljane var av gull, derav tre på hallnivå. I 1966 sette ho ved NM  uoffisiell verdsrekord i lengde u.t., og rekorden sto i mange år. Året før hadde ho vunne sin andre kongepokal, i Haugesund, ved å setje norsk rekord i høgde, der ho allereie fleire år før i Tresfjord hadde utvikla ein ny stilart, som likna påfallande på den teknikken som vart introdusert ved OL først i 1968, og som vart udøyeleggjort gjennom Bjørge Lillelien sitt referat.

I sitt siste store år, i 1966, var Oddrun Hokland med under EM inne i Dortmund, der ho var nr. 5 i lengde. Ved sida av at ho hadde 25 landskampstartar – i høgst ulike øvingar – og i både hopp, løp og kast – var ho nordisk meister på 4×100 m i 1965.

Fred over Oddrun Lange Hokland sitt sympatiske vesen og minne!

Skrevet av Bjørn Morstøl.