Det var ein stor tropp vi sende til Junior-NM på Askøy denne helga. Heile 25 utøvarar representerte IL i BUL.

100 meter U20 kvinner
Til start i forsøket hadde vi heile 5 utøvarar. Solveig Emilie Johansen (4. plass og 12,71), Elea Jørstad Bock (2. plass og ny SB med 12,50), Nora Jazz Wierenskold Proctor (5. plass og 13,06), Dorothy Macmanus Ampong (7. plass og 13,48) og Solveig Bustgård Gran (1. plass og 12.25).

Vidare til semifinale gjekk Solveig J, Elea og Solveig G. Her sprang dei på høvesvis 13,11, 12,32 (ny SB) og 12,16 (ny PB)

I finalen hadde vi dermed med to BUL-utøvarar. Elea løp inn til endå ein ny SB på tida 12,50 og inn til en 7. plass, medan Solveig Gran klinka til med ny pers på tida 12,11 og sikra seg ein sølvmedalje.

100 meter U20 kvinner
Thea Aase Pedersen stilte til start i første heat og sprang inn til 2. plass og ny pers på tida 12,23, noko som tok ho til ein finale. I finalen klinka hun like godt til med endå ein pers, 12,16. Ei forbetring av pers før meisterskapet med 0,19!

Thea fekk ein velfortent bronsemedalje.

100 meter U20 menn
Vi hadde følgjande utøvarar til start: Simon Stornes (11,76 og 5. plass), Sander Werge Nilsen (11,39 – ny SB og 3. plass) og Theodore Fremstad-Waldron (11,41 – ny pers og 4. plass).

Theodore og Sander gjekk vidare til semifinale der dei sprang på høvesvis 11,47 (6. plass) og 11,26 – ny pers på Sander (4. plass). Dette sende Sander til ein finale der han sprang inn til en 7. plass og ein tangering av sin nyleg sette pers.

100 meter U23 menn
Til start i forsøket stod 4 utøvarar frå BUL. Jonathan Holen (3. plass og 11,35 – ny SB), Philip Jason Omollo (5. plass og 11,50), Anders Nikolai Bovolden (3.plass og 11,52) og Per Tinius Fremstad-Waldron (1. plass og 10,97 – ny pers).

Til finalen gjekk Jonathan og Per Tinius der dei sprang inn til 7. plass og 3. plass. Jonathan inn på tida 11,26 til ny SB og Per Tinius på tida 10,79 og endå ein ny pers og bronsemedalje

1500 meter U23 menn
I forsøket hadde vi 3 utøvarar til start. Simen Seeberg-Rommentveit (4,28,44 og 5. plass), Martin Mæle (4,27,75 og 3. plass) og Simon Steinshamn (4,28,08 og 4. plass). Alle vidare til finalen.

Til finalen måtte Simen dessverre trekke seg pga. sjukdom. Martin sprang inn til ein 9. plass på tida 4,07,08 og Simon sprang inn til 3. plass på tida 4,01,99.

Diskos U20 menn
Eirik Halfdansen-Aspen stilte som vår einaste utøvar i disiplinen og starta med eit kast på 42,43, noko som er ny pers! Det enda til slutt med en 8. plass på Eirik.

400 meter U20 menn
Mads Gravråk Hjort-Larsen var vår representant og han sprang inn til 4. plass med tida 51,75 i forsøket. Dessverre var ikkje tida god nok for avansement.

200 meter U20 kvinner
BUL hadde 4 jenter til start: Solveig Johansen (2. plass og 25,28), Nora Proctor (4. plass og 26,39) Solveig Gran (1. plass og 25,34) og Dorothy Ampong (7. plass og 27,47).

Til semifinalane gjekk Solveig G, Solveig J og Nora. Dei sprang inn til høvesvis 24,81 og 2. plass, 25,77 og 5. plass og 26,61 og 8. plass.

I finalen sprang Solveig G inn til ein 6. plass på tida 24,86.

200 meter U23 kvinner
Thea Aase Pedersen var i god form under meisterskapet og sprang inn til ny pers på tida 25,74.
Ho kjente ei kjenning etter forsøket og tok ingen risiko og stilte derfor ikkje til start i finalen.

200 meter U20 menn
Her hadde vi 3 utøvarar til start. Mads Gravråk Hjort-Larsen (3. plass og 23,11), Simon Stornes (7. plass og 23,67 – ny pers) og Theodore Fremstad-Waldron (4. plass og 23,11).

Mads og Theodore tok seg vidare til semifinale. Der sprang dei inn til 6. plass (23,16) og 5. plass (22,93).

200 meter U23 menn
Philip Jason Omollo og Anders Bovolden til start i forsøket. Philip sprang inn til ny SB og 2. plass med tida 22,60, medan Anders sprang inn til 3. plass med tida 22,59. Begge gjekk vidare til finalen.

I finalen sprang Philip inn til endå ein ny SB på tida 2,58 og en 4. plass. Anders sette ny pers med tida 22,60 som resulterte i ein 5. plass.

800 meter U20 menn
Sean Bloom var vår representant og sprang inn til tida 2,03,78 og ein 7. plass.

800 meter U23 menn
Snorre Bonesmo inn til 1. plass i sitt heat med tida 2,27,55. Leon ville ikkje vere noko dårlegare og sprang inn til 1. plass han også, med tida 2,01,52. Christan André Olsen sprang inn til 5. plass med tida 2,03,13.

Leon og Snorre gjekk vidare til ein finale der dei sprang inn til høvesvis 5. plass (1,53,98) og 8. plass (1,57,25).

100 meter hekk U20 kvinner
Josefina Biernacki og Elea Jørstad Bock bydde opp til ein real duell seg imellom. Begge sprang inn til 1. plass i sitt heat. Josefina inn til ny pers på 13,79 og Elea på 13,98.

I finalen skulle dei knive om sigeren og begge sprang inn til ny pers. Elea inn til 13,89 og Josefina inn til ny pers nr. 2 for dagen med 13,69. Dette resulterte i gull til Josefina og sølv til Elea.

5000 meter U20 menn
Filip Meo stilte til start og sprang inn til den litt bitre 4. plassen. Men det var eit godt løp og han kom inn på tida 14,44,77 som er ny pers!

5000 meter U23 menn
Simon Steinshamn var vår utøvar til start. Han sprang godt og sikra seg ein sølvmedalje med tida 14,53,03.

Stafett U20 kvinner
Vi stilte med eit sterkt lag til stafetten med lag beståande av Josefina Biernacki, Elea Jørstad Bock, Solveig Johansen og Solveig Gran. Ikkje berre sterkt på papiret, men også når det gjaldt. Jentene sprang inn til ein gullmedalje på tida 2,14,20. Sterk løping!

Stafett U20 menn
Sander Werge Nilsen, Theodore Fremstad-Waldron, Sean Bloom og Mads Hjort-Larsen utgjorde BUL sitt lag. Dei sprang inn til 5. plass på tida 2,01,00.

Stafett U23 menn
Inspirert av gullet til jentene like før, sprang U23-gjengen inn til ein sølvmedalje på stafetten. Laget bestod av Per Tinius Fremstad-Waldron, Philip Jason Omollo, Snorre Bonesmo og Leon Douglas. Dei sprang inn på tida 1,55,46.

Som vi håpa (og delvis spådde) blei det mange gode resultat under årets JR-NM. Det viser at vi har fleire talentfulle utøvarar i klubben. Oppsummert tok vi 2 gull, 4 sølv og 3 bronse.

Gratulerer til alle medaljevinnere!
Takk til alle utøvarar og trenarar for ein god innsats i helga!