3.–5. september blei ungdomsmeisterskapet i friidrett arrangert på Øya i Trondheim. IL i BUL var godt representer med ein tropp på 15 utøvarar. Alle 2006-utøvarane deltok i sitt første UM, og leverte mange fine prestasjonar gjennom helga.
Totalt  blei det fire medaljar til BUL under meisterskapet. Tre bronsemedaljar, og éin sølvmedalje.

Fredag

100 meter

Jenter 15

  • Nora Jazz Werenskiold Proctor
    Nora var i aksjon allereie i det første forsøksheatet på 100 m for jenter 15. Her sprang ho inn til ein 3. plass på tida 13,10 og kvalifiserte seg dermed direkte til semifinalen. I semifinalen sprang ho endå raskare med tida 13,08, men var dessverre éi plassering unna finaleplass, då ho kom inn som nummer 5 i sitt semifinaleheat. Ho var dermed ikkje langt unna persen på 12,95.
  • Eden Orre Benhamou
    Eden sprang saman med Nora i det første forsøksheatet, og sprang inn til ein 7. plass med tida 13,98. Dette var berre ein drøy tidel bak persen på 13,84.
  • Tida Katrine Köller Sanyang
    Tida sprang inn til ein 6. plass i heat 2 med tida 13,73, og vann dermed den interne og veldig jamne konkurransen mellom klubbvenninnene i 15 årsklassen om å kome nærmast sin egen pers, som for Tida sin del er 13,62.

Jenter 18/19

  • Solveig Bustgård Gran
    Solveig var ein av medaljekandidatane i forkant av øvinga, og ho innfridde. I forsøksheatet kom ho seg greitt vidare, då ho sprang inn til 2. plass med tida 12,35, og dermed kvalifiserte seg direkte til finalen. I finalen sette ho inn endå eit par gir, og tok bronse med tida 12,17. Dermed var medaljefangsten i gang for BUL, og tida til Solveig var berre 6 hundredelar unna hennar personlege rekord på 12,11. Gratulerer!

Gutar 15

  • Jørgen Bustgård Gran
    Broren til Solveig, Jørgen, var også i aksjon på 100 meter fredag. Jørgen hadde berre deltatt på distansen éin gong tidlegare, men klarte likevel å halde nervane i ro, då han sprang inn til ein 6. plass i sitt heat med tida 12,27. Frå tidlegare hadde han 12,35, så dette var altså ny personleg rekord med 8 hundredelar.

Gutar 16

  • Thai Drager
    Thai sprang i det første heatet i klassen og kom på 7. plass her med tida 12,52. Dette var litt bak persen på distansen, men uansett ei solid forbetring frå førre gong han sprang 100 meter, eit par veker tidlegare.
  • Nicolas Alexander Baranyi Eriksen
    Nicolas var i det tredje heatet og sprang inn til 3. plass på tida 11,90. Sjølv om dette akkurat ikkje haldt til finaleplass for Nicolas, var tida framleis ny pers, då han hadde 11,98 frå tidlegare.

Gutar 17

  • Simon Stornes
    Det 2. heatet i klassen prøvde fleire gonger å kome seg ut av startblokkene, men på grunn av to jagarfly som overvaka området kom ikkje heatet seg av garde før på det tredje forsøket. Simon sprang likevel fint, og kom på 3. plass i heatet med tida 11,70. Ikkje langt bak persen på 11,57, og i alle fall ikkje langt ifrå ein finale som han berre er tusendelar unna å kvalifisere seg til.
  • Benjamin Kwadjo Owusu
    Benjamin sprang i det same heatet som Simon og kom inn som nummer 7 over mål her. Tida 12,20 var litt bak pers, men likevel det nest beste løpet hans i år.

Gutar 18/19

  • Sander Werge Nilsen
    Sander var ein klar finalekandidat før øvinga då han hadde persa seg ned til 11,06 på distansen tidlegare i år. I det fjerde forsøksheatet sprang han inn til 2. plass med tida 11,22 og kvalifiserer seg direkte til semifinale. I semifinalen nærma han seg persen endå litt til, med tida 11,16. Med 4. plass i semifinale-heatet  blei også finaleplassen sikra. Og i finalen innfridde Sander stort ved å kome på 5. plass med tida 11,07, berre ein hundredel bak persen.
  • Felix Christensen
    Felix sprang i det same forsøksheatet som Sander og kom i mål som nummer 8 her, på tida 11,86. Dette var litt bak persen på 11,64.

400 meter

Jenter 18/19

  • Solveig Bustgård Gran
    Solveig som allereie hadde tatt medalje på 100 meter nokre timar tidlegare, var også medaljekandidat på 400 meter. Sjølv om det var ein del vind, sprang ho inn til sin andre bronsemedalje for dagen med tida 56,85, som også berre er 12 hundredelar bak hennar personlege rekord på distansen, 56,73. Gratulerer!

Gutar 17

  • Sean Karl Bloom
    Sean blei plassert i det beste heatet på distansen, og hang godt med feltet ut på dei første 200 meterane. Likevel blei det nok litt vel ivrig springing i starten, som førte til at det  blei veldig tungt på oppløpssida. Tida 55,13, som var over 3 sekund bak persen, og ein 10. plass totalt var ikkje heilt det Sean hadde håpa på i forkant av meisterskapet.

300 meter hekk

Gutar 15

  • Adrian Sevaldstad
    Dette var første gang Adrian sprang 300 m hekk og han leverte ein fin prestasjon på distansen. Sprang inn til ein 8. plass totalt med tida 47,05 som då også blir pers. Med blant anna eit hekt i den femte hekken, har Adrian mykje å gå på til neste høve der 300 m hekk står på programmet.

Laurdag

200 meter

Jenter 15

  • Eden Orre Benhamou
    Eden sprang i det tredje forsøksheatet, og enda på ein 7. plass med tida 28,90. Dette var eit halvt sekund bak hennar årsbeste på 28,40.
  • Tida Katrine Köller Sanyang
    Tida sprang inn til ein 7. plass i heat 4 med tida 28,54. Dette var ikkje langt bak persen på 28,29.

Gutar 16

  • Nicolas Alexander Baranyi Eriksen
    Nicolas persa for andre dag på rad, då han sprang inn til 23,86 og 4. plass i det første forsøksheatet. Den gamle persen lydde på 24,30. Han var drøye tre tidelar unna å avansere til ein finale.

Gutar 17

  • Benjamin Kwadjo Owusu
    Benjamin sprang også inn til ny pers på 200 m, då han kom på 7. plass i det første heatet med tida 24,56. Den førre persen til Benjamin var 24,72.
  • Simon Stornes
    Det blei nok ein pers på distansen då Simon sprang inn til 23,60, og ein fin 3. plass i det fjerde forsøksheatet. Dermed kvalifiserte han seg direkte til semifinalen. Den gamle persen var 23,67. I semifinalen blei det dessverre stopp for Simon med ein 6. plass i heatet, men han var ikkje langt bak den nye persen, då han kom i mål på tida 23,64.
  • Sean Karl Bloom
    Sean fekk lov til å springe saman med Simon i det fjerde forsøksheatet, og det blei ein jamn kamp mellom dei to. Sean drog likevel litt ifrå mot slutten, og kom inn på ein 2. plass i heatet med tida 23,43. Dermed var også Sean direkte kvalifisert til semifinalen. I semifinalen klarte Sean akkurat å kome seg videre til finalen med ein 4. plass i heatet og tida 23,46.

Gutar 18/19

  • Sander Werge Nilsen
    Sander sprang inn til 3. plass i det fjerde forsøksheatet, og kvalifiserte seg direkte til semifinale med tida 23,08 som berre var ein hundredel bak persen på 23,07. I semifinalen blei det dessverre ikkje noko vidare avansement for Sander, då han enda på ein 8. plass med tida 23,35.

800 meter

Gutar 15

  • Adrian Sevaldstad
    Adrian blei plassert i det nest beste heatet der det blei god spreiing i feltet allereie ut frå start. Han klarte uansett å halde eit godt steg heile vegen, og sprang inn til ny pers på 2.09,70 og ein 16. plass totalt. Den gamle persen var på 2.10,37.

Gutar 16

  • Adrian Stene Olsen
    Ikkje lenge etter var det den eitt år eldre Adrian som skulle i aksjon. Han blei plassert i det beste heatet som bestod av eit tøft felt. Adrian hang likevel godt med, og sprang inn til ein 6. plass på tida 2.01,31, som også var ny pers med nesten eitt sekund. Den gamle persen var på 2.02,30.

2000 m kappgang

Gutar 18/19

  • Felix Christensen
    Felix prøvde seg på kappgang for første gang under UM. Han hadde eit stort fokus på å gå teknisk riktig, og klarte dette med glans då han i etterkant av løpet fekk beskjed av dommarane om at han var den einaste i feltet som hadde gått utan tekniske feil. Heile BUL-troppen møtte opp for å heie Felix fram, og han gjekk inn til ein svært fin 2. plass på tida 18.41,70.

Lengde

Gutar 15

  • Jørgen Bustgård Gran
    Jørgen hoppa lengde for første gong under UM, og leverte eit godt resultat. I første omgang bomma han litt på planken, og fekk eit ugyldig forsøk. I andre forsøk trefte han betre, og hoppa 5,16, før han auka til 5,54 i tredje omgang. Dermed fekk han vere med vidare til dei tre siste omgangane som éin av åtte hopparar. I fjerde omgang fekk han opp 5,48. I den femte omgangen oppnådde han 5,71, som også blei hans lengste løp i konkurransen. Likevel var ikkje forsøket i den sjette omgangen mykje svakare, der han hoppa 5,64. Med 5,71 som sitt lengste hopp, kom Jørgen også på 6. plass i konkurransen.

Tresteg

Gutar 16

  • Thai Drager
    Thai bomma også litt i første omgang, og fekk eit ugyldig sprang her. I andre omgang blei det derimot eit gyldig hopp på 11,59. I tredje omgang blei det eit nytt ugyldig hopp, før han i den fjerde omgangen hoppa hele 11,97 og sette ny pers med 11 centimeter. Dette blei også hans lengste hopp i konkurransen. I femte omgang hoppa han 11,36, medan det blei ugyldig i den sjette og siste omgangen. Thai kom på 6. plass.

Søndag

200 meter finale

Gutar 17

  • Sean Karl Bloom
    Sean var litt uheldig og fekk bane 1 i finalen på 200 meter for gutar 17. Han sprang ein bra sving, men det kosta mykje, og oppløpssida blei tung. Han enda til slutt på ein 8. plass med tida 23,90.

3000 meter

Gutar 16

  • Adrian Stene Olsen
    I det 19 mann store feltet blei det litt ujamn springing frå start, og Adrian fekk utfordringar med å finne ein stabil rygg undervegs, som førte til at han blei liggande litt bak den fremste gruppa. Han avsluttar likevel med ein sterk sisterunde som gjer at han endar på ein 9. plass, med fin ny pers på 9.05,15. Den gamle persen lydde på 9.09,69.

Lengde

Gutar 16

  • Thai Drager
    Thai treff dessverre ikkje heilt i lengdekonkurransen. Får opp 5,33 i andre omgang, medan det blir ugyldig forsøk både i første og tredje omgang. Dermed blir det ingen fleire hopp på Thai, og han endar på ein 10. plass, eit lite stykke bak persen på 5,71.

1000 m stafett

Jenter 15–16

  • Etappe 1 (100 m): Tida Katrine Köller Sanyang
    Etappe 2 (200 m): Nora Jazz Werenskiold Proctor
    Etappe 3 (300 m): Eden Orre Benhamou
    Etappe 4 (400 m): Tora Grieg-Cappelen
    Tida kom seg godt ut av startblokkene på den første etappen, og veksla fint over til Nora som skulle ut på den andre etappen. Det blei ein lang andre veksling, men jentene hadde kontroll, og Eden sprang bra på sin 300 m-etappe. Dei tre første jentene hadde lagt eit godt grunnlag for Tora som skulle ut på den siste etappen, og med ein stødig ankeretappe var det aldri nokon tvil om at det skulle bli medalje til BUL. Jentene sprang inn til bronse på tida 2.28,90. Gratulerer!

Gutar 15–16

  • Etappe 1 (100 m): David-Thierry Ekhaug Dramstad
    Etappe 2 (200 m): Jørgen Bustgård Gran
    Etappe 3 (300 m): Nicolas Alexander Baranyi Eriksen
    Etappe 4 (400 m): Adrian Sevaldstad
    David suser av garde på den første etappen, og leverer stafettpinnen fint over til Jørgen som hadde fått vite at han skulle springe stafett først kvelden i førevegen. Dette var også berre andre gang Jørgen sprang 200 m-distansen i konkurranse, men han klarte likevel å stå etappen godt. Nicolas tar over pinnen ut på den tredje etappen, og spring ein sterk 300 meter, før Adrian leverer ein solid ankeretappe. Det held dessverre akkurat ikkje til medalje for BUL sin del, som kjem på 4. plass med tida 2.11,09.

Gutar 17–19

  • Etappe 1 (100 m): Simon Stornes
    Etappe 2 (200 m): Sander Werge Nilsen
    Etappe 3 (300 m): Sean Karl Bloom
    Etappe 4 (400 m): Mads Gravråk Hjort-Larsen
    Simon set fint ut på den første etappen for BUL sitt lag, som har kome med i det beste heatet i den eldste guteklassen. Vekslinga over til Sander er det ingenting å seie på, og med ein sterk andre etappe gir han Sean eit fint felt å henge på ut på den tredje etappen. Ut på den siste etappen ligg Mads i fjerde posisjon. Han slepp seg heilt bak i feltet gjennom den første svingen, og etter 150 meter kan det nesten verke som at Mads ikkje har noko meir krut igjen etter mange løp under meisterskapet. Men den gong ei. Ut gjennom siste sving byrjar han å gire om, og på oppløpet avanserer han forbi éin etter éin. Ein heilt vanvitig ankeretappe av Mads, og resten av gutane var nok glade for å ha nettopp han på den siste etappen denne dagen. Laget spring inn til sølvmedalje på tida 2.01,61. Gratulerer!