Det blir i år tradisjonen tru både folkedans før barnetoget på Karl Johan og Brusteinsball på Universitetsplassen kl. 18.14.

I 2019 er det 47. gong Leikarringen dansar frå Egertorget til Slottsplassen, og i år er det venta rekord når 100 dansarar blir med.

Program for barnetoget

Tid Stad
09:00 Egertorget Oppmøte
09:15 Start dans Dans Egertorget
Bind deg ein blomekrans
Åttetur frå Asker
09:25 Rosenkrantz» gate Marsj – 3 par frå Egertorget til Grand-hjørnet
Lars Lenkelifot
Pols
Halling (BULder og Brak)
09:35 Tanum Marsj – 2 par frå Grand-hjørnet til Tanum
Gilleråsen
Rugen og reinlender
09:40 Universitetsplassen Marsj – 2 par frå Tanum til Universitetsplassen
Firetur frå Romerike
Seksmannsril
Halling (BULder og Brak)
09:48 Fredriks gate Marsj – 3 par frå Universitetsplassen til Fredriks gate
Eikerril
Pål sine høner
Tretur frå Fana
10:00 Slottsplassen Marsj – 4 par frå Fredriksgate til Slottsplassen
Åttetur frå Asker
Rugen og reinlender
Halling (BULder og Brak) + parhalling
Seksmannsril

 

Brusteinsballet

Bondeungdomslaget i Oslo arrangerer Brusteinsball på Universitetsplassen i Oslo kl. 18.14-20.00.

Dette er ein gatefest for alle som vil vere med å på leik og folkedans. Det er stort oppmøte og god stemning med stor blanding av barn og vaksne, med og utan bunad, med svært varierande dansekunnskap, og turistar og folk frå byen.

Program for Brusteinsballet

Kl. 18:14 Songlaget i BUL (blandakor) syng tre songar inkl. Ja vi elsker.
Kl. 18:25 Brusteinsballet opnar med polonese. Folkemuskktrio leiar av Vegar Vårdal. Leikarringen i BUL demonstrerer og retteleier alle som vil vere med.
Dans og leik fram til kl. 20:00

Bondeungdomslaget i Oslo ønskjer alle ei feiande flott feiring av nasjonaldagen!