Tusen takk for ein fantastisk 17. mai 2019!

Eit uttrykk tyder «sikt høgt, om du bommer hamnar du likevel blant stjernene». Til 17. mai sikta vi høgt og såg over 140 stjerner på Leikarringshimmelen frå Egertorget til Slottsplassen. Takk til alle dykk som var med å setje stemninga saman med oss!

Elles spreidde vi danseglede og nasjonalkjensle på beboarar på Ensjøhjemmet, og ikkje minst hjå folket i sentrum frå kl. 18.14. Her er det like moro å dele merksemda med Songlaget kvart år.

I tillegg fekk vi óg nasjonal merksemd på morgonsendinga hjå TV2, der vi sparka gong sendinga for dei.

Gjennom dagen var det med mange frå fjern og nær. Ein stor takk går til alle dei som reiste inn til byen for å dele opplevinga saman med oss. Velkomne skal de vere att neste år!

Til sist må vi rette ein stor takk til musikarar, rettleiarar og alle andre som har vore med før, under og etter feiringa for å syte til at alt gjekk bra.

Bilete

  • Sjå flotte bilete frå Terje Svindseth og Sindre Seppola Reed på vår facebook-side eller Flickr-side (det kjem fleire etterkvart)

Pressedekning