< TILBAKE TIL NYHENDE FRÅ LEIKARRINGEN

Vi har fokus på desse områda våren 2016:

  • Dansar som er særleg aktuelle med tanke på arrangement denne våren og sumaren
  • Dansar som har vert brukt i Leikarringen i mange år
  • Teknikk og repetisjon som gjer oss til dugelege folkedansarar

Songdans, turdans og runddans er ein sentral del av Leikarringen sitt grunnleggjande repertoar. Vi ynskjer difor dette semesteret å ha fokusøvingar, der vi tek utgangspunkt i ein taktart, t.d. reinlender. På desse
øvingane vil ein få grunntrening i taktarten og jobbe med danseteknikk, i tillegg til å lære nokre variantar og prøve seg på både turdans og songdans som er knytt til taktarten. Desse  øvingane vert dedikert til å byggje vårt felles repertoar til bruk ved framsyningar som til dømes 17. mai.

I 2016 arrangerast Landskappleiken i Vågå. Her dansast det mykje springleik, og vi ønskjer at Leikarringen skal være godt skodd for dette dansegolvet.

Vi får smake på ein del andre bygdedansar dette semester óg – vi skal innom både Hallingspringar, Springdans frå Akershus, Pols frå Østerdalen og Finnskogspols.

Årsmøte vert arrangert 1. mars, med ei lita danseøkt før møtet fra kl. 19.00-20.00. Møtet tek til kl. 20.00 i Lagsrommet.

> Sjå heile kalenderen vår her