< TILBAKE TIL NYHENDE FRÅ LEIKARRINGEN

Tidleg i januar kvart år arrangerar SAFFA – samarbeidsorgan for folkemusikk og folkedans i Akerhus ei stor folkemusikk- og folkedanskveld med kurs, seminar, dans og moro!

I 2016 er helga lagt til 9.-10. januar – og vi i Leikarringen oppmodar alle medlemer til å delta på Sørmarkakurset. Kurset arrangeras på Sørmarka kurs- og konferansesenter i Ski i Akershus. Hvis det er ønskeleg vil vi forsøke å arrangere samla reise for dei frå Leikarringen. Dette vert ei slags kick-of-helg for Leikarringens vårsesong!

OBS! Dersom du vil vere med på dette kurset og er medlem i Leikarringen stør vi deg med 500,-. Meld deg på til [email protected] (sjå prisar lengre ned på sida) – når du har meldt deg på, vidaresender du påmeldinga til [email protected] med setninga «Eg har meldt meg på Sørmarkakurset, og søker med dette stønad for deltaking». Kontonummer for innbetalingen: 0530.35.85577, betalt inn hele summen så refunderer vi 500,- i etterkant.

Det vert mange spanande kurs for både musikarar og dansarar denne helga:

DANSEKURS:
Danseteknikk med Ami Dregelid & Ellika Frisell
Ami Dregelid blir hovedinstruktør for dansekurset, og arbeidet med generell danseteknikk/dansestil og rytmeforståelse vil vera sentrale tema. Instruksjonen vil bli knytta opp – både mot rytmen i Akershus-springdansen og i Finnskogpols, men også til dei forskjellige runddansrytmane. Med seg på kurset har ho den dugelege musikaren Ellika Frisell. Dei er begge anerkjente folkemusikere/dansere og saman har dei holdt ei rekkje kurs i dans både Sverige og Norge!

Akershus-springdansen:
Prosjektleiar i Bygda dansa, Akershus, Mathilde Øverland vil orientera om arbeidet med gjenskaping av dansen, og deltakarane vil få testa ut resultatet.

Finnskogspols
Audun Grüner Hegge og Anbjørg Myhra Bergwitz vil ta oss med i ei økt med Finnskogpols.

INSTRUKTØRKURS:
Instruktørkurs – vaksne- og barneinstruksjon m/ Trine M. Sjølyst
Målgruppa for dette kurset er personar med noko folkedansbakgrunn som kan tenkja seg å gå inn i leiar- eller instruktøroppgåver for etablerte ringar og lag og på nybegynnarkurs.

På dette kurset arbeider ein med instruktørrolla, grunntrening og det å bli kjend med grunnreglar og prinsipp for formidling og læring av folkedans. Deltakarane vil i løpet av kurset få rettleiing i eigen dans og øva på grunnleggande rørsleteknikkar. Ein vil også sjå på samspelet mellom dans og musikk.

Trine har lang erfaring som dansar og instruktør, og er for tida tilsett i Bygda Dansar Akershus og er ansvarlig for Norsk Folkemuseums Dansegruppe i tillegg til å være frilanser.

Trine spør: «Finnes den ultimate instruktøren? Hvordan ønsker vi at våre instruktører skal være? På kurset vil deltakerne lære «lure», egnede danser og bruke ulike pedagogiske metoder for å formidle dem videre. Vi vil lære å tilpasse dansene til målgruppene, utvikle og gjennomføre opplegg med ulike målsetninger og bli bevisste på vår rolle som forbilder.»

Benjamin Kehlet blir musikar for kurset. Han er kjent for sitt gode dansespel og breie repertoar. Han spelar i gruppa Farande Fant og blir ofte brukt som musikar for dansegrupper i og utanfor Oslo.

MUSIKKURS:
Folkemusikk for barn
Gruppa Kjerringrokk med Marianne Tomasgård, Agneta Holmer Mæland og Elisabeth Olhans stiller med sitt tradisjonelle opplegg «Feler i Fleng» for kulturskoleelevar. Start lørdag kl. 10.00. Avslutning med «hentekonsert» lørdag kl. 15.30

Bygde- og runddansslåttar frå Akershus
Lær deg dei gamle slåttane og rytmen, slik at du kan spela – bl. a. til den gjenskapte Akershus-springdansen. Kurset bygger på det nye noteheftet som SAFFA har fått utarbeidd. Øyvind Sandum og Marianne Tomasgård er instruktørar. Kurset er instrumentuavhengig. Slåttane i bygdedansheftet kan du høyra her i ulike rytmevariantar: https://soundcloud.com/saffa-7

Låtkurs med Ingunn Bjørgo
Det blir laga mye ny, fengande dansemusikk i vårt område. Få del i den!

Velkommen til kurs i nye danselåter fra Akershus! Da danserne Anbjørg og Audun gikk til topps med finnskogspols på Landskappkeiken i sommer var det med ny musikk fra Akershus, nemlig komposisjonen «I grenseland» av Ingunn Bjørgo fremført av duoen Bjørgo&Reistad. Nå har du mulighet til å lære denne og andre danselåter signert låtskriveren Ingunn Bjørgo.

Ingunn Bjørgo er en erfaren låtskriver med en stor produksjon bak seg. Musikken hennes har nådd et publikum langt utenfor folkemusikk- og gammeldansmiljøet, og er blitt brukt av bl.a. NRK-sporten og Helene Bøksle. Hun har flere cd-innspillinger bak seg med Askerladden og Ingunn Bjørgo Band, og nå sist med Bjørgo&Reistad. I tillegg er hun en sentral skikkelse i det blomstrende gammeldansmiljøet i Asker. Bl.a. har hun vært mangeårig leder for Asker spell- og danselag.www.ingunnbjorgo.no

Musikk til«Storgardsmusikken»
Den såkalla storgardsmusikken er ein betydeleg del av folkemusikktradisjonen i vårt område. Instruktør er Olaf Aasen frå gruppa Hollos Efterfølgere, som gjorde stor suksess på Landsfestivalen for gammaldansmusikk i sommar. Sjå opptak Olaf Aasen skriv om kurset: «Ønsket er å kunne sette sammen ei gruppe mest mulig lik den tradisjonelle ensemblemodellen, med 1./2. fele, klarinett (B/A) og cello samt komp. I kompet er det åpent for både bass, gitar og piano. Repertoaret er tradisjonsmusikk fra Akershus, og vil omfatte de fire runddansene, samt noen av turdansene, som firetur og/eller fandango. Vi vil arbeide med fokus på samspill og dansbarhet. Storgardsmusikken har stor spennvidde mht tekniske krav til utøveren, og egner seg godt også som pedagogisk materiale i instrumentalundervisningen, både på soloinstrument og i grupper. «

Musikk til Rørospols
Lærar på trekkspel er: Rolf J. Feragen. Lærar på fele er Mari Eggen (pedagog og leiar i Glåmos spelemannslag)

Med unntak av barnekursa, så er det oppstart lørdag kl. 09.00. Kursa blir avslutta med lunsj søndag. Bankkontonummer: 0530.35.85577 for innbetaling av kursavgift. For påmelding og spørsmål: Send epost til [email protected] Betalingsfrist: Samtidig med påmeldinga. Merk innbetalinga tydeleg med navn på deltakar.

Prisar:
Berre laurdag (barn under 12 år) – kurs & lunsj: 480,-
Berre laurdag (over 12 år) – kurs & lunsj (09.00-17.30): 780,-
Berre laurdag – kurs, lunsj, middag & kveldsarrangement: 1180,-
Begge dagar utan overnatting: 1380,-
Begger dagar med overnatting i trippelrom: 1680,-
Begge dagar med overnatting i dobbeltrom: 1880,- (for 1152,- ekstra får du overnatte frå fredag i tillegg)
Begge dager med overnatting i enkeltrom: 2180,- (for 845,- ekstra får du overnatte frå fredag i tillegg)