PELI POIKKI – SKOGFINNA KOM

Tilskipinga Peli Poikki vart ein magisk kveld. Alt stemte – dikt, musikk, intervju, korte foredrag, dans og song. Ordføraren sette tonen, og prologen løfta oss inn i skogfinnas verd. Der vart vi verande heile kvelden.  Hyggelege folk og gode samtalar i pausen då vi også fekk smake mat frå skogane.

Nemnda finn ikkje noko som ikkje gjekk som det skulle og vil rette ein stor takk til alle for innsatsen anten dei var kunstnarar, aktivistar, friviljuge eller publikum. Rause sponsorar fortener òg stor takk!

Vi må no gjere vårt for å føre magien vidare.

Vi vonar at denne dagen vil bli ståande som viktig for å gjere den skogfinske minoriteten utetter heile Austlandet synleg. Det var eit hovudmål for tilskipinga, og det store kollektivet som saman klarte å bryte ny mark denne vidunderlege laurdagen 24. oktober 2020 har eit godt grunnlag for vidare arbeid.

Sjå videoar frå tilskipinga