Songdans- og tysdagsøvingane i Leikarringen er diverre avlyst fram til jul etter beskjed om nye innstrammingar kring fritidsaktiviteter for Oslo kommune med verknad frå komande tysdag 😔

Vi kjem attende med informasjon dersom det vert mogleg å samlast noko meir før jul, og vi ynskjer å få til ei form for juleavslutning, anten fysisk eller digitalt.

Oppdatert 16. november: Øvingar for TrøBUL og BULder og brak er også avlyst ut november, grunna oppdaterte smittevernreglar frå Oslo kommune. Vi kjem tilbake med oppdatering om kva som skjer med dei to siste øvingane i desember.

Vi oppmodar alle om å ta vare på seg sjølv og kvarandre. Ring ein ven, dans ein dans på stovegolvet og nyt masse herlige musikk- og dansefilmar på YouTube medan me dempar smittespreiinga ❤️