Eit musikalsk vårslepp over angande enger og blånande berg. Frå morgongry i nord til solnedgang på ei gresk strand. Med ord og tonar av mellom andre Karin Boye, Jakob Sande, Edvard Grieg, Wilhelm Peterson-Berger og Mikis Theodorakis.

Dirigent: Knut Kristian Mohn

Dørene opnar kl 17.30

Billettar finn du her.

Velkomen!

Songlaget i Bondeungdomslaget (BUL) i Oslo, er eit blandakor med meir enn 50 songarar i alle aldrar. Koret er eit av dei eldste særlaga i Bondeungdomslaget, og vart stifta i 1914. I 2024 feira vi 110 år og er framleis eit aktivt amatørkor i hovudstaden.