Songlaget i Bondeungdomslaget (BUL) i Oslo, er eit blandakor med om lag 30 aktive songarar i ulike aldrar. Koret er eit av dei eldste særlaga i Bondeungdomslaget, som vart stifta i 1914, og feira i 2014 100 år som eit aktivt amatørkor i Oslo.

Koret er kjent for sitt gode sosiale miljø med songglade kvinner og menn. Vi møtest til song kvar torsdag frå kl. 19.00–21.30 i Teatersalen i Nynorskens hus, i Rosenkrantz’ gate 8 i Oslo.

Ei av dei viktigaste målsetjingane våre er å ta vare på norske song- og musikktradisjonar. Repertoaret kan også vera utanlandske folketonar og klassiske verk.

————————————–

Engasjementet har ei tidsramme frå og med august til og med desember. Semesterstart er 27.8.20. Det kan bli høve for forlenging. Hovudmålet for semesteret er gjennomføring av julekonsert(ar)/arrangement.

Vi ønskjer ein engasjert, inspirerande og erfaren kordirigent. Vi ser helst at søkjaren har utdanning eller er under utdanning som dirigent, og har ei god, tydeleg pedagogisk og musikalsk tilnærming til repertoaret.

Koret har hatt ein lang periode utan faste øvinger grunna koronasituasjonen.

Vi kan tilby gode vilkår i eit tradisjonsrikt og godt organisert kor.

For meir informasjon om koret og stillinga kan aktuelle søkjarar kontakta styreleiar Karianne Johansen, tlf.nr 41455807 eller e-post [email protected]

Skrifteleg, kortfatta søknad og CV blir send på e-post innan 1.7.20