Vi er stolte og gratulerer så mykje til Edvard Lauen med utnemninga! 

Edvard Lauen var ei hovuddrivkraft i den store omskipinga av forretningsverksemda til BUL. Han er fødd i 1954 og vaks opp i Birkeland i Agder. Han har vore medlem i laget frå 1975 og har hatt omfattande verksemd for BUL både i Hovudlaget og i Leikarringen.

Edvard vart med i BUL og i Leikarringen då han kom til Oslo som student. Edvard vart raskt trekt inn i arbeid for laget og var lagsleiar frå 1981 til 1983. I hans periode var den store saka framtida for forretningane. Det hadde vore store underskot i mange år, og bygardar var blitt selde for å dekke opp dette. Ved ein revolt i laget vart gode yngre krefter i laget mobilisert. Enden på visa var at forretningsverksemda vart omskipa til aksjeselskap, og overføringane til laget kom etter dette i form av rentebetalingar.

Edvard var ei drivkraft i denne omskipinga, og verdiane som er skapt gjennom dette er grunnlaget for laget sin etter måten gode økonomi og uavhengige stilling i dag.

Edvard har i alle år hatt eit godt auge med forretningsverksemda og sat i rådet gjennom resten av åttitalet og i nittitalet. På slutten av 1990-talet var han leiar for forretnings­styret i nokre år. Han vart med i det sterkt reduserte rådet på 2000-talet. Han hadde då flytt til Lillesand, men kom til dei fleste møta og bidrog med si røynsle.

I tillegg til å vere ein aktiv dansar har Edvard vore leiar i Leikarringen, og også ein av fleire rettleiarar i ein periode.

Laget er ikkje i tvil om at Edvard gjennom sine mange verv har bidrege til at laget og eit forretningsdrifta har utvikla seg på ein framifrå måte for laget og at at han fortener å bli heiderslagsmedlem.

Årsmøtet i BUL Oslo utnemnde 17. juni 2020, seks nye heiderslagsmedlemmer. Les om alle dei nye heiderlagsmedlemmene her.