Det har vore mykje bra BUL-løping på langdistanse dei siste to helgane.
Førre helg var det NM terreng lang løype på Jessheim. Der sprang Andrea inn til sølv i kvinneklassen, medan Vetle sprang inn til bronse i herreklassen. Det var også gledeleg med sølv til Jonas Røstum i UM-klassen G15.
Resultater
No på laurdag vart hytteplanmila arrangert på Hole. Der vart det totalt fire topp 10-plasseringar til BUL, med Heidi på 5. plass, Andrea på 6. plass og Mari på 10. plass i kvinneklassen. Medan Vetle sprang inn til 7. plass i herreklassen. Alle med ny pers!
Resultater
Vetle og Andrea frå NM Terreng lang løype
Andrea, Heidi og Mari etter Hytteplanmila