26. oktober 2019 var vi samla over 280 personer til Framsyningskappleik på Det Norske Teater og stor dansefest i Rosenkrantz´gate 8. Dette arrangementet er del av det stor 100-årsjubileet til Leikarringen – Hundreleik! Takk til alle som kom på Jubelleik og feira saman med oss denne dagen!!
Framsyningskappleik
Heile ni grupper deltok på Framsyningskappleiken, og det var fullsatt sal på Scene 2 på Det Norske Teater. Dommarane var Trine Merete Sjølyst, Egil Bakka og Tone Ingvaldsen. Vinnarane av juryens pris vart BUL Sarpsborg, mens publikumsprisen gjekk til Folkdanslaget Näverluren.
Diverre hadde vi noko kameratrøbbel, så vi ventar framleis på filmar av innslaga til Norsk Folkemusems Dansegruppe og BUL Kongsberg.
Leikfest og dansefest på Nynorskens hus
Om kvelden var vi samla over 280 dansarar og musikarar i Rosenkrantz» gate 8. Der blei det servert nydeleg fingermat på fjøl, deilige kaker og pølser til nattmat for dei som holdt lengst ut. I løpet av kvelden var vi innom alt fra turdansar, rekkjedansar, songdans, bygdedans, stordans og runddans. Noko for einkvar smak!
Musikarane som spelte forrykande musikk heile kvelden var Lendmenn, Ole Nilssen, Åsmund Reistad, Vegar Vårdal, Pål Brattås, Runar Hannevold, Per Sandberg, Åsmund Jøtun Fauske, Maria Skjeldrum Toppe, Kristoffer Kleiveland og vokalgruppa Brøst.