Godtfolk! Jubelleik nærmar seg med stormskritt, og det ser ut til å bli ein heidundrande bra fest med mykje folk!! I skrivande stund er vi nærmare 250 gjestar. Hugs å ha billett lett tilgjengeleg når du kjem

Framsyningskappleiken skal vere på Scene 2 på Det Norske Teatret (inngang via hovudinngangen), og dørane opner kl. 12:30. Det første av heile ni deltakarlag går på scena kl. 13:00.

Sjølve festen i Rosenkrantz» gate 8 på kvelden tek til kl. 19:00, men dørane opner alt kl. 18:00 for dei som ønskjer å kome litt tidlegare for å prate og ta seg eit glass boblar.

Utover kvelden blir det dans i to salar, og lista med gode spelmenn er lang!

Den offisielle festen avsluttast med broderring kl. 01:00, men dei som vil danse meir får bruke salen utover i dei små nattetimer. Me oppmodar til bunadsbruk, men det er fullt lovleg å kome i anna pentøy.

Det vert servert lett fingermat på fjøl, og det blir sjølvsagt kake og kaffi utpå kvelden. For dei som held ut lengst blir det òg nattmat å få.

Me gler oss til å sjå dykk alle saman den 26. oktober!

Les meir om Jubelleik her