Terje Svindseth tok flotte bilete både på Karl Johan og Brusteinsballet, her får du nokre smakebitar.

Resten kan du sjå på Facebook her: http://on.fb.me/1Dtqf8W

Tusen takk for ein fantastisk 17. mai!!

Takk til alle Leikarringsdansarar som spreke og glade fylte nasjonaldagen med folkedans og moro, frå tidleg morgon på TV2, opp ein festfylt Karl Johan, på Ensjøhjemmet og på ein gledesfylt Universitetsplass!

Og, ikkje minst tusen takk for ein fantastisk innsats Audun Grüner-Hegge for flott organisering av dagen, og Vegar Vårdal & Marianne Dahl for strålande leiing både opp Karl Johan og på Universitetsplassen. Takk også til Signe-Marie Hernes Bjerke & Rune Hernes Bjerke som leia dansen på Ensjø!

Håper alle andre også hadde ein nydeleg dag. Hurra for Noreg, og hurra for folkedansen!

Leikarringen opp Karl Johans gate
17. mai 2015 dansa Leikarringen som vanleg opp Karl Johan til Slottet. Marianne Dahl og Vegar Vårdal var danseleiarar for 36 dansarar. Ole Nilssen og Bjørn Kåre Bråten Odde spelte for oss. Audun Grüner-Hegge var 17. mai-ansvarleg. Hallinggruppa BULder & Brak var med på delar av framsyninga, og synte fram flott halling til eit begeistra publikum ved Universitetsplassen.

Leikarringen på God 17. mai Noreg på TV2
I forkant av barnetoget, viste Leikarringen seg fram på direktesending i TV2 sitt program «God 17. mai Noreg. 16 dansarar frå Leikarringen viste fram dans og nestleiar Audun Grüner-Hegge vart intervjua. Dette ga Leikarringen veldig god marknadsføring midt i «beste sendetid» på nasjonaldagen.

Dans på Ensjøtunet
Leikarringen dansa også på Ensjøtunet, Hans Petter Holen og Audun Bjerke spela der. Signe-Marie Hernes Bjerke & Rune Hernes Bjerke leia dansen.

Brusteinsballet på Universitetsplassen
Mange frå Leikarringen deltok på Brusteinsballet på Universitetsplassen. Også i år var trioen Vegar Vårdal, Åsmund Reistad og Olav Christer Rossebø musikarar. Marianne Dahl & Vegar Vårdal leia dansen. Sjå innlaget på dagsrevyen her: http://bit.ly/1MaGgUc