< TILBAKE TIL NYHENDE FRÅ LEIKARRINGEN

Vi har fokus på desse områda i haust:

  • Dansar som er særleg aktuelle med tanke på arrangement denne hausten
  • Dansar som har vert brukt i Leikarringen i mange år
  • Teknikk og repetisjon som gjer oss til dugelege folkedansarar

I 2016 arrangerast Landskappleiken i Vågå. Her dansast det mykje springleik, og vi ønskjer at
Leikarringen skal være godt skodd for dette dansegolvet.

Songdans og turdans er ein sentral del av vårt grunnleggjande repertoar. Difor vil dette vere naturlege innslag i haustens program, til dømes i oppstart og avslutning av øvingane våre.

Vi har dei siste semestera hatt dyktige instruktørar med fokus på tradisjonen frå Hallingdal og vil difor halde denne ved like. Hallingspringaren har vorte populær blant dansarane våre og er kjelde til mykje liv.

Det historiske dansematerialet frå hovudstaden er snevert. Dag Vårdal har gjennom nokre år grave frem att samveredansar nytta i Oslo og område rundt på 1800-talet. Desse dansane ønskjer vi å blåse liv i og gjere til våre eigne.

Ikkje minst ønskjer vi og å halde liv i polsdansen frå Finnskogen til bruk og gaman på årets Oslokappleik.

> Sjå heile kalenderen vår her