Under haustmøtet til friidrettsforbundet i helga vart Unni Helland tildelt European Athletics Coaching Award. BUL gratulerer!
Frå forbundets sider:
Filip Mangen Ingebrigtsen, Michael Rosenberg og Unni Helland vart alle tildelte European Athletics Coaching Award.
Denne utmerkinga er ei anerkjenning av trenarar som over tid har utmerkt seg gjennom arbeidet sitt, kompetansen sin og engasjementet sitt for friidretten.
I grunngivinga frå European Athletics blir det lagt særleg vekt på det verdifulle bidraget trenarane har til idretten, dyktigheita deira som trenarar og korleis dei gjennom arbeidet sitt har vore til inspirasjon for andre og representert dei beste verdiane av friidretten.
Ein god trenar handlar om langt meir enn resultat og prestasjonar. Det handlar også om å sjå menneska bak resultata, skapa tryggleik og meistring, utvikla utøvarar og bidra til idrettsglede over tid.
Dei norske mottakarane i år har på kvar sin måte vore viktige bidragsytarar til nettopp dette.
Les meir på forbundets sider her
Foto: NFIF


