To BUL-utøvarar til helgas lag-EM!

IL i BUL gleder seg over å ha to utøvarar i aksjon under European Team Championships First League. Lene Retzius og Markus Einan reiser til rumenske Cluj-Napoca denne helga for å representere Noreg i landskampen mot Kviterussland, Belgia, Tsjekkia, Estland, Finland, Hellas, Irland, Nederland, Romania, Sverige, Sveits og Tyrkia.

Lene hoppa 4.50 nyleg og tangerte med den utandørspersen på eit stemne i Genève, Sveits førre helg. Det var det beste resultatet av ei norsk kvinne utandørs nokosinne. Det er også tett opp på hennar norgesrekord på 4,51 sett innandørs i Sandnes i 2019. Ho kjempar om ein OL-plass til årets sommarolympiade i Tokyo. Lene hoppar kl. 16.05 på laurdag.

Markus Einan har sprunge fleire sterke avslutningar på løpa hittil i sesongen. Markus sette nyleg pers på 800 m med tida 1,47,34 på Bislett Night of Highlights. Han sprang nesten den same tida i Poznan, Polen, førre helg. I Poznan var han den løparen i feltet med den beste avslutninga på dei siste 200 meterane. 800 m menn blir sprunge kl. 16.55 på søndag.

Stemnet blir sendt på NRK2 laurdag 15.55–20.35 og NRK1 søndag 14.55–19.00 og NRK2 19.00–19.45. Kan også sjåast på nett-tv.

Vi ønskjer alle dei to BUL-utøvarane og resten av det norske laget lykke til under helgas lag-EM!