Når Leikarringen i BUL Oslo vart skipa i 1919 var det ikkje fordi dei byrja å danse i laget nett då, det hadde dei gjort heil sidan BUL vart skipa i 1899, men det vaks fram ei trong for å organisere aktiviteten. Leikarringen i BUL Oslo var heller ikkje den første leikarringen i landet, eller første gong dei prøvde å organisere dansarane i Oslo. Så om dei som sat på skipingsmøtet 14. november 1919 såg for seg at dette tiltaket skulle halde på i hundre år, det er vanskeleg å sei. Men no er me snart der. Hundre år. Så korleis skal ein feire ein hundreåring?

Kake. Det skal me i alle fall ha. Det er jo trass alt bursdag på eit vis, og alle er glad i kake. Men me må ha noko meir. Hundre år er jo ganske stort og rundt og flott, så feiringa bør jo vere noko ganske stort og rundt og flott. Det var vel omtrent det me i nemnda kom fram til når me byrja planlegginga litt før jul i 2017. Me skal ha ein stor fest med dans og moro, men som berre er ein mange tilskipingar året rundt, og alt saman skal verte flott og kjekt for både dei som deltek og steller til.

Feiring tre dagar til ende er for pingler fann me ut. Me skal feire 365 dagar til ende. Sånn cirka. Det heile byrjar på 99-årsdagen 14. november 2018 med kake, konsert, dans og slepp av programmet for året som kjem. Sleppleik har me valt å kalle denne tilskipinga. Den første av mange leikande flotte tilskipingar i det som me kallar Hundreleik.

For å ikkje overarbeide oss sjølv tok me tidleg eit strategisk val om å utnytte dei allereie eksisterande arenaene og tilskipingane me har med tanke på jubileumsfeiringa. Den tradisjonsrike stordanskvelden i januar som har vore skipa av leikarringsfolk sidan den gong ein prata om muren i Berlin vart tidleg inkludert i programmet som Storleik, og må ikkje forvekslast med den meir kjende stolleiken. 17. mai plar leikarringen danse på Karl Johan  om morgonen og organisere brusteinsball Universitetsplassen kl. 18.14, så dette vart sjølvsagt omdøypt til Hurraleik. Målet er å verte minst 100 stykk som dansar opp Karl Johan før barnetoget, så det er berre å henge seg med om ein vil!

I mellom desse to leikene meiner me det høver seg å mimre litt, for som alle andre hundreåringar har sjølvsagt Leikarringen ein god forteljing eller to på lager. I mars månad byr me difor inn til litt sofamimring som me har kalla for Mimreleik. Tur til hytta vår, Bondehytta, i Nittedal blir det sjølvsagt òg. Truleg blir det litt mimring her òg, men denne hytteturen i august har me då valt å kalle Hytteleik. For når ein leiker og dansar og speler på ei hytte så finst det ikkje noko betre namn å bruke. Syns eg.

Men ein kan jo ikkje berre mimre. For sjølv om ein har mange gode minne å snakke om, må ein ikkje slutte å lage nye. I samarbeid med Barnelaget i Oslo tok me difor opp tanken om å få til eit stemne for barn og unge i Oslo-området som likar å danse og spele. Saman med Unge Folkemusikarar i Oslo (UFO) og Noregs Ungdomslag skipar me difor til Småleik for barn og ungdom frå heile landet, rett etter skuleslutt i juni. Med på laget som samarbeidspartnarar har me Norsk Folkemuseums dansegruppe, Samarbeidsorganet for folkedans og folkemusikk i Akershus (Saffa), Riksscenen, Akershus musikkråd og Den mangfaldige scenen. Dette kjem det nok meir informasjon om utover hausten!

Så var det den store festen me ville ha. I oktober vert det vill jubel på både Det Norske Teatret og i Teatersalen til BUL Oslo når me skipar til Jubelleik. Det er framleis eit stykke fram i tid, så alt er ikkje spikra enno, men får me det som me vil blir det danseframsyning, framsyningskappleik på Det Norske (ope for alle som vil delta, nett som på festivalane og stemna til NU i «gamle dagar»!), og storslått leikfest i Teatersalen med dans til langt på natt.

Smått om senn viser kalenderen 14. november att, og laget vert hundre år. For å avslutte dei store jubelbrøla frå oktober vert det Åremålsleik med kake, dans, og kanskje noko attåt.

På denne måten fann me ut at ein best kan feire ein hundreåring. Det skal vere gamle minner, nye minner, gamle folk, nye folk, gamle songar, nye dansar, og mykje kake heile året.

Meir info på www.hundreleik.no og www.småleik.no