Årsmøtet 2019
Kjære medlem av Leikarringen i BUL Oslo!
Styret kallar inn til årsmøte i Leikarringen, tysdag 5. mars 2019 kl. 19:00. Det vert ikkje vanleg danseøving denne kvelden.
Stad: Lagsrommet (same inngang frå gata som til Teatersalen), Rosenkrantz» gate 8
Styret oppmodar medlemmene om å komme på årsmøtet! Ikkje-medlemmer som er interesserte er hjarteleg velkomne, men har ikkje røysterett.
OBS! Årsmøtepapira vil i år primært verte sende ut med elektronisk post. Dei som ikkje harregistrert e-postadresse i medlemsregisteret får dei tilsendt i posten.
Det vert heller ikkje delt ut sakspapir på årsmøtet, dersom du ynskjer sakspapira på papir må du anten skrive dei ut sjølv, eller gi beskjed i god tid slik at vi kan skrive ut til dei som treng det.
Vel møtt!
Her kan du etterkvart laste ned dokumenta til årsmøtet 2019:
- Årsmøtepapirer – Årsmøtet 2019
- Dersom du har merknader til årsmeldinga ber vi deg sende endringane på e-post til: [email protected]
- Nokre av sakene (kommentar til budsjett og val) er ikkje heilt ferdigstilte, desse vert oppdatert så snart som mogleg!
- Vedlegg 1 – Årsmelding 2018 for Leikarringen i BUL Oslo
- Vedlegg 2 – Lover og styringsføresegner LR (vedtatt 01.03.16)
- Vedlegg 3 – Førebels terminplan våren 2019 -Leikarringen
- Vedlegg 4 – Terminplan BULder og Brak, våren 2019
- Vedlegg 5 – Terminplan Nyoppstartet barnegruppe, våren 2019
- Vedlegg 6 – Kandidatar til Rådet i Leikarringen 2019.docx