Røkleivhytta i 100 år

Røkleivhytta, den kjende lagshytta til Bondeungdomslaget i Oslo (på folkemunne ofte berre kalla BUL), fyller 100 år i 2020. Vi skal her gje nokre smakebitar på hendingar og tilhøve som gjeld hytta gjennom alle desse åra. Dei tre lagssogene (frå 1929, 1949 og 1989) og lagsarkiva elles med medlemsblada er sjølve kjeldegrunnlaget. Kjelder frå Vindern historielag har òg vore nytta.

Skriftforma av namnet på området og sjølve hytta har variert ein del fram gjennom åra. I BUL har skriftforma jamnast vore Rø- utan d, medan Statens kartverk har Rød- med d, sameleis som Oslo byleksikon. Norsk stadnamnleksikon (1990) har Rø- som hovudform, med Rød- i parentes. Her har vi halde oss til forma utan d, som er det namnet BUL brukar.

 

Oppstarten til lagshytta i Røkleiva

Det heile byrja våren 1915, då lagsmann Sigurd Sørum sende eit skriv til lagsstyret i Bondeungdomslaget, der han bad om at laget no burde få seg ei utferdshytte i Nordmarka. Laget hadde vakse enormt i omfang og styrke sidan det vart skipa 15. oktober 1899, og mange av medlemene kom frå bygder landet rundt, der det å ferdast i naturen var ein vanleg og omtykt aktivitet. Dessutan ville ei slik hytte vonleg styrkja samhaldet i laget og vera eit godt sosialt miljøtiltak. Lagsstyret såg positivt på framlegget og sette straks ned ei nemnd som skulle arbeida vidare med saka. Desse vart med i nemnda: Torbjørg Suphammer, Botolv Dokk (fyrste leiaren i Idrottslaget), Kristian Harildstad, August Kveseth og Gunnar Fossberg. Utpå hausten kom dei så med ei tilråding om å kjøpa grunnen og byggja ei slik hytte ved Røkleiva sør i Nordmarka. Laget hadde no dette som si fremste arbeidsoppgåve i åra som kom, jamvel om det var delte meiningar om hyttespørsmålet i lagsflokken. Det var mest usemje om prioriteringar av krefter og pengebruk som låg bak desse meiningsskilnadene.

 

Hytta til offiserane

Men innanfor Røkleiva fanst det allereie ei lagshytte som ei gruppe unge offiserar frå Oslo-området hadde reist i 1899. Offiserane nemnde hytta si for Rødkleivhytta, medan BUL gjerne berre kalla henne for Offisershytta. Somme kalla henne også for Løytnanthytta. Dette bygget låg vel 100 meter oppe i skråninga vest for tomta som BUL hadde etla til si hytte. Vi kan vel rekna med at det etter kvart vart eit slags konkurranseforhold mellom desse to. Trafikken av gjester til desse to hyttene følgde same farvegen gjennom skogen. Offisershytta vart flittig brukt av mange i krinsen rundt eigarane fram til 1930-åra, då gjengen som stod for drifta tok til å eldast, og det vart vanskeleg å halda hytta i god stand.

 

Byggjearbeidet kjem i gang

I 1916 vart så endeleg vedtak gjort av BUL om å starta bygginga av hytta. Vedtaket vart gjort med 50 mot 38 røyster, så saka var omstridd. Denne usemja i lagsflokken skreiv seg og frå planane som BUL hadde om å sjå seg om etter ei anna hytte som var ferdigbygd. Men laget heldt fast på planane sine i Røkleiva og løyvde først 3 500 kroner, og la sidan på 1 500 kroner attåt til føremålet. Dessutan inviterte styret medlemene til ei synfaring i området sist i mai månad 1916. Det ser no ut til at laget samla seg om denne oppgåva og la den interne striden bak seg. Etter kvart som forretningane åt laget gjekk stadig betre med store overskot, og medlemstalet auka for kvart år, var det heller ingen økonomisk risiko lenger med å reisa ei lagshytte. Ja, så godt gjekk lagsdrifta at Bondeungdomslaget no jamvel slo til og kjøpte ei ny og ferdig lagshytte ved Ørfiske i Nittedal  for 12 000 kroner i 1917. Denne hytta, som først hadde vore ei enkel jakthytte frå 1870 og vart utvida i 1898, fekk ikkje sitt endelege namn før i 1920 og vart då heitande Bondehytta. Heller ikkje denne gongen gjekk dette føre seg utan intern strid på mange lagsmøte. Løyvingane til alle gode føremål gjorde likevel sitt til at det røynde på med økonomien, så i 1918 laut lagsstyret drøfta om dei skulle hogga noko av skogen rundt Røkleivhytta og selja tømmeret.

 

1920 – Hytta står ferdig

Det tok tid å koma i gang med sjølve byggjearbeidet i Røkleiva, og det starta eigentleg ikkje for fullt før i 1919. Arkitekt Paul Norr stod for teikningane og hadde oppsyn med arbeidet. Hytta stod ferdig seinhaustes i 1920, men innviingsfesten vart ikkje halden før 5. februar 1921. Då «flidde» Botolv Dokk, formannen i hyttenemnda, hytta til lagsstyret i Bondeungdomslaget, som det heiter i 30-årssoga. Og hytta tok seg godt ut, med storstove, kjøkken og torvtak på toppen. Det møtte fullt av folk til opninga, og Emma Danielsen vart sett til å stå for salet av kaffi og øl (venteleg lagerøl eller vørterøl), sistnemnde til 50 øre flaska, fortel lagssoga. «Alle er samde um, at Røkleivhytta er ein uneleg samlingsstad», skriv Lagsbladet etterpå. Men arbeidet hadde kosta. «Skulde ein fortelja um alt som har vore i vegen for å få Røkleivhytta i stand, vilde det sikkert verta ei heil bok», held Lagsbladet fram med eit langt sukk.

Eit reglement i 10 punkt vart sett opp for bruken av hytta, og kvart halvår laut det veljast 12 ordensmenn som skulle ha ansvaret for dei faste samkomene på søndagane, då hytta var open. Det var ikkje høve til å overnatta på Røkleivhytta, då måtte ein i så fall ha løyve frå lagsstyret føreåt. Kortspel om pengar var også strengt forbode.

Lagsfolk stilte no opp på mange dugnader, rydda og stelte til i området ikring. Det vart lagt ned ein stor innsats her dei fyrste åra. Typograf og BUL-medlem Per Melvær budde på hytta ei tid, sidan typografane då låg i streik, og han sette i gang og bygde ei fin trapp i den bratte og ulendte kleiva som går ned til Røkleivbekken i dalbotnen ved hytta. Trappa hausta mange lovord og gjekk sidan under tilnamnet «Melvær-slusene».

 

Røkleivhytta – ei populær lagshytte

At hytta var populær, synte talet på gjester alt det fyrste året. Kring 1300 var då innom hytta, og laget sjølv skipa til både jonsokfest og olsoksamkome der sommaren 1921. I åra som følgde gjesta mellom 1500 og 3000 lagsfolk i halvåret hytta på søndagane. Laget hadde stadig ymse kveldssamkomer på hytta. Røkleivhytta vart eit naturleg samlingspunkt både for dei som ville ut på skitur om vinteren og dei som ville ta seg ein fottur i Nordmarka i sommarhalvåret. Og i 1923 kosta BUL pengar på ein feriekoloni på dagtid for 100 born. Dette gjentok seg i 1926, då laget løyvde 500 kroner til eit tredagars ferieopphald for fattige born. Dei som såg etter at hyttene vart vaska og stelte etter besøka, fekk namnet «hyttefutar». Først var det berre gutane som fekk denne oppgåva, sidan vart dette også ein jobb for jentene. Hyttefutane vart peika ut for ein månad om gongen, og ombodet gjekk på omgang mellom medlemene i laget. Først seinare vart det vanleg med valde hyttestyre, og i byrjinga fekk dei ansvaret for begge lagshyttene samstundes.

Mest kvar vinter vart det halde lagsrenn i hopp, slalåm og langrenn for både gutar og jenter i området kring hytta. Ein liten hoppbakke vart bygd, og lia nedanfor hytta var bratt nok til å ha slalåmrenn der. Elles nytta ein anlegget på Hyttli. I hausthalvåret brukte orienteringsgruppa hytta som utgangspunkt for treninga si. Utetter på 1930-talet skipa Idrottslaget også til lagsrenn for dei vaksne storrennarane, med Johan Grøttumsbråten og Hagbart Haakonsen i spissen. Opptil 40 deltakarar kunne vera med her på det meste.

I september 1925 vart ein ny ballsport synt fram på vollen framfor hytta, for første gong i Noreg. Det var volleyball, av BUL berre kalla skotball eller nettball. Også året etter spela dei skotball på plassen utanfor hytta. Men alt dette vart berre eit blaff, då sporten sidan gjekk i gløymeboka fram til 1936, då Arbeidernes Idrettsforbund (AIF) tok han fram att. Og sommaren 1929 feira BUL-medlemene jonsok på hytta med felespel av Sigbjørn Bernhoft Osa, som då var berre 19 år. Dertil hadde dei også ein grammofon tilgjengeleg. Heile 2000 gjester var innom hytta dette året. Laget hadde stadig ymse samkomer på hytta, særleg på laurdagskveldane.

Av ein eller annan grunn var det somme røyster i laget som gjerne ville at det skulle vera danseforbod på lagshyttene. Laget sentralt hadde vedteke eit forbod mot moderne dans i førevegen, så då måtte dette gjelda på hyttene òg. Kanskje dei ottast det som gjerne følgjer med dansen? Kjeldene seier ingenting om korleis det gjekk vidare med den saka, men vi vil tru at dansen gjekk lett utpå vollen i milde sommarkveldar. Og det var god plass til slik moro inne med, om vêret var dårleg.

 

Utviding av Røkleivhytta?

Utetter i 1930-åra var spørsmålet om å utvida lagshyttene stadig mykje framme. Røkleivhytta var så mykje brukt at det trongst meir rom. I 1936 vart dette særleg aktuelt då Offisershytta i grannelaget vart til sals. Om laget no kjøpte denne hytta, kunne BUL med det også få ein større eigedom å råda over. På eit lagsmøte 12. juni 1936 fekk Rådet i BUL då fullmakt til å kjøpa Offisershytta. Men tingingane med offiserane i tida som kom, fløkte seg til og det vart vanskeleg å koma til noka god løysing for BUL, trass i iherdig innsats frå ei sakkunnig nemnd. Men saka kom opp att i 1939, då offiserane gav heilt opp å halda lenger på hytta si. Dermed klemde BUL til på eit lagsmøte 17. mars med å setja ned endå ei nemnd til å ta seg av nyskipnaden av Røkleivhytta. I denne nemnda sat desse lagsfolka: Olav Kristvik, Anders Bøe, Kristian Breisnes og Tordis Haakedal. Dei fekk «eit nær sagt gledelaust arbeid», slår 50-årssoga lakonisk fast. Vi kan vel tenkja oss at her var kulturpolitiske motsetningar mellom BUL og offiserane, i tillegg til gnisningar som kanskje hadde vakse fram mellom to konkurrerande hyttenaboar. Offiserane klaga i dei siste årsmeldingane sine over den aukande trafikken både sommar og vinter som gjorde at «den fred og ro de hadde søkt» forsvann. Offiserane hadde siste møtet sitt om hytta den 22. november 1939. Det heile enda deretter med at hytta vart seld til skipsreiar Øivind Lorentzen for 22 000 kroner, med tanke på at han skulle ha henne som firmahytte for reiarlaget sitt. Men Lorentzen fekk inga stor glede av hytta, for under krigen i 1940-1945 tok tyskarane over heile eigedomen, og like etter freden i 1945 brann hytta ned til grunnen. I dag ligg det berre ymse restar att i skogen der hytta stod.

 

Krigsåra 1940–1945

Kva for lagnad BUL-hytta i Røkleiva fekk under krigen, er noko uklårt, men mange lagsfolk rømde frå byen og søkte tilflukt der i dei kaotiske aprildagane etter den tyske invasjonen 9. april 1940. Lagsbladet melder om at kring 2000 medlemer var innom hytta det første krigsåret. Det vart òg halde ymse kurs og festar i somme helger. Skirenn, både i slalåm, hopp og langrenn, vart det også vinteren 1940 før tyskarane kom.

Men frå februar 1941 vart hytta heilt avstengd. Vi veit no at mange medlemer i BUL, særleg frå Idrottslaget, vart med i motstandsarbeidet og heldt seg løynde ute i Nordmarka. Sidan offisershytta vart nytta av tyskarane, er det rimeleg å tru at BUL si hytte også fall i hendene på okkupantane i krigsåra. Hytta var iallfall stengd for lagsfolk fram til 23. juni 1945, då ho vart opna att for alle medlemer. Det var likevel heller liten søknad til hytta den fyrste tida etterpå. Heile laget måtte fyrst samla seg att etter dei 5 lange krigsåra og få i gang heile organisasjonen. BUL vedtok nemleg å leggja ned heile lagsarbeidet i protest etter at Terboven og Quisling-regjeringa vedtok å avsetja det valde styret i laget 23. februar 1942, for deretter å nazifisera det norske organisasjonslivet frå 26. februar 1942 og fram til freden kom 8. mai 1945.

 

Påbygging og finske OL-gjester

Tidleg på hausten 1951 fekk lagsstyret førespurnad om den finske skitroppen til OL i Oslo året etter kunne få halda til på Røkleivhytta under leikane. Hytta var no blitt nokså nedsliten etter mange gjestebesøk opp gjennom åra, og trong no sårt til oppussing. Dessutan var ho for lita til å hysa ein heil skitropp. I åra 1951–52 vart det derfor sett i gang eit omfattande påbyggings- og utbetringsarbeid på Røkleivhytta. Lagsfolk som var med, karakteriserte dette som den største dugnadsinnsatsen som nokosinne hadde vorte lagd ned i Bondeungdomslaget. Men alt dette kosta, laget betalte ut ein eingongssum på 25 000 kroner til sjølve byggearbeidet den 1. oktober 1951, ein sum som omrekna utgjorde to vanlege årsløner på den tida. Kvar nye hytteseng kom på 4 000 kroner, rekna dei ut. I tillegg kom alt det gratis dugnadsarbeidet som vart utført av lagsfolk. Og pent vart det både ute og inne. Inne i den store peisestova måla såleis Ole Ekornes fine og fargerike dekorasjonar på gavlveggene med motiv frå den norske folkeviseskatten.

Arbeidet gjekk med liv og lyst utan avbrot mest kvar kveld og i mest alle helgene i desse hektiske månadene. Det gjekk med mange hundre dagsverk. Arbeidet vart leia av byggmeister Knut Døssland, og hytta vart no stengd frå mai månad 1951 på grunn av utvidinga.

Den 25. januar 1952 melder så BUL i Lagsbladet at arbeidet på hytta no var ferdig. Så då dei 20 finske skiløparane kom og budde der frå 14.2. til 29.2. i 1952, så kom dei til ei nærpå nyvølt og utvida hytte. Bondeungdomslaget hadde dertil ordna med badstove åt dei, noko finnane gjerne ville ha. Den gamle skikongen Johan Grøttumsbråten stod for arbeidet med badstova, og helserådet i Oslo kommune godkjende bruken. Bergljot Moe vart tilsett som husmor for finnane medan dei var der. Og finnane gjorde godt frå seg under tevlingane, med gull og sølv på 50 km (Veikko Hakulinen og Eero Kohlemainen) og gull på 4×10 km stafett (Heikki Hasu, Paavo Lonkila, Urpo Korhonen og Tapio Mäkelä). Finnane etterlet seg eit signert diplom som takk til Bondeungdomslaget for opphaldet under OL. Der skreiv dei følgjande: «Soumen olympia joukkue kiittää taloa sunresta ystävällisyydestä ja vieraanvaraisuudesta».

Den nye påbygde delen med mange nye sengeplassar og omvølinga av peisestova gjorde at hytta no kunne ta imot fleire  gjester enn før. No vart det også meir vanleg å ha overnattingsgjester der, utan å be lagsstyret om løyve først.

 

Dei gylne 50-åra

Røkleivhytta vart helst berre brukt i helgene etter at verksemda i laget kom i gang att. Det vart halde ymse kurs der, og særlaga kunne samlast til kveldsmøte på laurdagane. Men det tok litt tid før besøket tok seg opp for alvor. «Hytta er open kvar søndag, og søknaden er ikkje større enn at det er god plass til alle», skriv hyttestyret i Lagsbladet 14. juni 1946. På vinterstid skipa Idrottslaget til langrenn og hopprenn for gutar og jenter i området rundt hytta, etter same retningslinjer som før. Dette var ein årviss aktivitet i fleire vintrar utetter. I 1948 bygde laget om ein ny hoppbakke i Røkleiva, som då kom i tillegg til den store bakken som alt var i bruk på Hyttli. I 1950 skipa laget til tevlingar i langrenn og hadde også utforrenn for begge kjønn. No hadde lagsfolk teke til å bruka hytta oftare, særleg var laurdagskveldane populære. Mest nytta var hytta likevel i vinterhalvåret. I jubileumsåret 1949, då BUL fylte 50 år, var hytta jamvel open i julehelga. Dette året vart også ein gammal grensetvist avgjord, og denne utskiftingssaka kosta ikkje BUL noko økonomisk. Grunnen rundt tufta etter Offisershytta og all skogen rundt vart no kjøpt og lagd til BULs eigedom.

Etter at finnane reiste frå Røkleiva i slutten av februar 1952, vart hytta teken i bruk att for lagsfolk 4. april 1952. I mars månad var det likevel langrenn for gutar og jenter der, og slalåmtevlingar i ny oppattbygd skibakke. Hausten 1952 er søknaden til hytta blitt såpass stor at BUL søkjer etter ein vaktmeister som kunne vera til hjelp med ymse arbeid. Det kom likevel ikkje til noka fast løysing på dette spørmålet. Sommaren 1953 er orienteringsgruppa i full sving med trening i terrenget rundt hytta, og talet på lagssamkomer aukar. Og no tek overnattingsopphald til å bli meir vanlege, våren 1954 hadde hytta såleis 162 nattgjester, og det vart turvande å ha faste folk til servering på søndagane. Hausten same året overnatta 128 medlemer på hytta. No kravde hyttestyret lagskort frå dei som ville bruka hytta, så pågangen frå folk utanfor BUL må no ha blitt større. Det vart òg meir vanleg å tinga seg ferieopphald der no. Året etter, i 1955, hadde Røkleivhytta 259 nattgjester om våren og 187 om hausten. To år etter, i 1957, overnatta 284 gjester i vårsesongen og 181 om hausten. No skipa Bondeungdomslaget også til samkomer for nye lagsfolk på hytta, og 23. juni 1957 var det stor jonsokfest der. Lagsstyret emna i 1957 også på å få bygt eit uthus i tilknyting til hytta, og grunnmur vart sett opp på dugnad dette året. I 1958 vart eit eige hyttestyre på 3 personar valt til å stå for tilsyn og vedlikehald av hytta. Seinare valde ein 5 til desse omboda. Same året stod uthuset ferdig, og i 1959 vart det installert elektrisk lys der. Uthuset kosta laget 5.800 kroner. Same året vart Røkleivhytta nymåla, eit arbeid som vart sett ut på anbod. Overnattingsgjester heldt fram med å koma på hytta i 1959 med, 179 om våren og 121 om hausten.

 

1960-åra – endå eit godt tiår

Aktiviteten først i 1960-åra følgde same leia som i tiåret før. Den 17. januar 1960 hadde medlemer i Idrottslaget vedsjau for å sikra peiskosen for gjestene utetter vinteren. Og folk kom, 253 overnattingsgjester i vårhalvåret. Den nye skeisegruppa i Idrottslaget hadde to samlingar der denne vinteren. Frå 1. april 1961 kosta det kr 2,50 for ei overnatting for lagsfolk, og då kunne ein få leiga lakenpose til kr 1,50. Folk som ikkje var medlemer i BUL måtte betala det doble av dette. Ein kunne også få kjøpt seg mineralvatn der til 1 kr for flaska. Hyttestyret sytte nemleg for at det stod eit fast lager av mineralvatn på hytta til kvar tid. I 1962 nådde talet på gjester som overnatta opp i heile 558 personar, og lagsstyret vedtok dette året å auka talet på medlemer i hyttestyret til 7, mot 5 tidlegare. Det var mykje å gjera for hyttestyret, og talet på hyttefutar kom opp i 57 i tillegg utetter. Til saman 150 medlemer møtte opp til stor jonsokfeiring med dans og leikar dette året.

Arbeidet med ei oppjustering av hytta heldt fram. Såleis fekk ein installert ein varmtvasstank til vel 2000 kroner i 1963. Året etter var det lite folk på hytta sidan vinteren var uvanleg snøfattig. No måtte ein faktisk oppmoda folk om å bruka hytta. Likevel kom det 268 nattgjester. Hyttestyret hadde det travelt, heile 14 møte hadde dei i 1964. Siste lagsmøtet før sommarferien 12. juni la lagsstyret til Røkleivhytta. Dette var ein tradisjon i mange år etterpå.

Noko oppussingsarbeid vart utført, golva vart olja og planar vart lagde for å skifta papptaket som ikkje heldt mål lenger. På nytt søkte ein etter vaktmeister utan nemnande suksess. Jonsokfeiringane vart derimot ein stor opptur, i 1965 deltok 90 lagsfolk og i 1966 møtte 130 til saman. På det siste lagsmøtet på føresommaren 1965 møtte 60 medlemer opp. I 1966 sette ein inn elektriske omnar på alle soveromma, men ikkje alt var på godt stell sidan hytta vart stengd i hausthalvåret i 1966. Det var mellom anna trong for ein ny vassleidning sidan det gamle røyropplegget ikkje fungerte godt nok lenger.

I 1967 kom utbetringane på plass, då vart den lagt ned ny vassleidning og hytta fekk nytt tak. Alle materialane vart borne fram frå Rødkleivfaret på dugnad. I 1968 vart badstova rusta opp med ny badstoveomn og hytta vart rundvaska innvendig og mykje ved opphogd. Talet på overnattingsgjester kom no opp i 450 i alt. 1969 var også eit godt år for Røkleivhytta. No var det for det meste medlemene frå Idrottslaget som brukte henne til trening og sosialt samvære. Med vel 20 sengeplassar, oppjustert badstove, dusjar i kjellaren og plass til over 50 gjester i peisestova var Røkleivhytta blitt ei moderne lagshytte med ein god allmenn standard. Uthuset vart beisa og nye vedomnar kom på plass på kjøkkenet og i bestestova nede. Det siste lagsmøtet dette sommarhalvåret vart halde 5. juni med 80 frammøtte.

 

1970-åra, hytta framleis populær

Verksemda i og ved hytta heldt fram i same spor som før utetter på 1970-talet. Men no hadde slitasjen på hytta etter mange års bruk teke til å melda seg. I 1970 vart då heile hytta først rundvaska og så måla innvendig, og vindaugskarmane fekk ny måling utvendig. Det vart også laga nytt brønnhus og sett inn nye omnar. Hytta hadde 533 overnattingar dette året, og siste lagsmøtet vart halde på hytta jonsokaftan 23.6 med 48 frammøtte.

I 1971 var det 50 år sidan Røkleivhytta vart formelt gitt til sjølve laget. Då skipa BUL til hyttefest den 8. mai med både dans og song. I alt 65 deltakarar var med. I samband med jubileet vart det laga ny verandatrapp og planar vart lagde for å få til ein betre turveg utanom kleiva ned til Røkleivbekken. Jonsokmoro var det dette året med, 70 møtte og dansa seg gjennom sommarkvelden. Noko tal for overnattingsgjester finst ikkje i kjeldene, men årsmeldinga slår fast at «det er plass til mange fleire på hyttene våre».

Også i 1972 var det dans til trekkspel på jonsokaftan. 84 medlemer møtte opp til pølsefest og moro. Dette året vart det kjøpt inn ein del nye møblar. Og på våren, 6. mai 1972 var det hyggekveld på hytta med 55 frammøtte. Frå 1973 og frametter aukar utleiga av hytta, og fleire behov for opprusting melder seg. Endå fleire møblar blir innkjøpte, lakkering av golv og måling av fleire rom følgjer med. Våren 1973 held 25 tillitsvalde i laget organisasjonskurs på Røkleivhytta, og først i oktober var Barnelaget på tur dit. Framleis var utgiftene til hytta høgare enn leigeinntektene.

I 1974 sende Bondeungdomslaget ein førespurnad til Oslo kommune der laget bad om at stien fram til hytta no laut utbetrast. Det tok til å bli farleg å koma seg heilskinna ned den bratte kleiva fram til bekken. Kommunen let vera å svara første året. I tillegg peika Branntilsynet på 10 forhold som måtte ordnast, om hytta skulle ha overnattingsgjester. Året etter, i 1975, var det jonsokmoro med leik og dans, som før, med 60 medlemer til stades. Dette året budde 40 gutar og jenter frå Barnelaget på hytta i 3 døgn. Utleiga på hytta var no endå større enn før, og det var fleire innbrot på hytta dette året. Såleis vart det stole 15 kasser med mineralvatn derifrå, noko som førte til at laget måtte slutta med å ha dette på lager i hytta.

I 1976 skjedde det endeleg noko når det gjaldt den ulendte stien ned til Røkleivbekken. Skogvesenet i Oslo kommune sprengde då ein trasé lags fjellveggen, noko som gjorde det mogeleg å ta seg fram utan for store vanskar. Jonsokkvelden i laget dette året samla 100 gjester, og hytta var mykje utleigd i sommarhalvåret. Krava frå Branntilsynet vart no vel innfridde, slik at det vart trygt å bu der.

I 1977 fann Bondeungdomslaget ut at dei måtte setja ned ei nemnd som skulle saumfara begge lagshyttene med tanke på omfattande vøling og vedlikehald. Desse vart valde til å sitja i nemnda: Olav Agjeld, Bjarne Aspehjell, Knut Døssland og Liv Lingås. Dette året fekk hytta  også ny komfyr. Det var bra med besøk på hytta, særleg på vårparten. Idrottslaget var det særlaget som brukte hytta mest dette året.

Nemnda som skulle sjå på behova for ei opprusting av lagshyttene søkte i 1978 etter ein eller to snikkarar som kunne ta på seg ymse vølingsarbeid på Røkleivhytta, men ingen melde seg. Dermed vart heile arbeidet utsett. I 1979 tek det for alvor til å gå nedover med hytta og bruken frå lagsfolk si side. På ein dugnad som var tillyst andre helga i juni, møtte det opp berre 3, alle frå hyttestyret. Mest åtgaum dette året vekte dei 12 medlemene som gjekk til fots frå Bondehytta og fram til Røkleivhytta i helga 5.–7. oktover. Turen tok heile 7 timar.

 

Nedgangstider på 1980-talet

1980-åra vart eit vanskeleg tiår for verksemda ved Røkleivhytta. Det var tyngre å mobilisera lagsfolk til dugnader, og det var lite pengar til opprusting og vedlikehald. Men noko vart likevel utført. Pipa vart oppussa og påbygd i 1982 og mykje ved vart opphogd. Men hytta trong nytt tak og burde beisast utvendig. No var det mest utleige på hytta, og lite lagsfolk som brukte henne til vanleg. Med eit par dugnader i året greidde ein stort sett å halda hytta med ved og ta på seg mindre vedlikehaldsoppgåver. Hytta vart såleis beisa utvendig i 1983 og ny veranda vart oppsett. Framleis var taket på hytta i elendig forfatning med fleire lekkasjar, og det stod no i fare for å rotna opp, slo hyttestyret fast i 1984. To år etter, i 1986, hadde hytta fått nytt tak etter eit ekstra krafttak frå lagsfolk med stor ryddedugnad etterpå. Men vedlikehaldsoppgåvene melde seg stadig oftare. I 1987 var det feil på brannvarslingsanlegget og eit vassrøyr var sprengt. Slitasjen innvendig vart stadig større no utetter. Hytta var framleis lite brukt av lagsfolk. I 1988 tok hyttestyret seg på tak og fekk lagt glasfiberstrie på veggene på soveromma og måla dei etterpå. Det vart også kjøpt inn ny komfyr og måla ein del av veggene på opphaldsromma. Tormod Sæthre budde ei tid på hytta dette året og hadde tilsynet der. No var det på nytt aktuelt å utbetra det elektriske anlegget. I 1989 skjedde det ein del meir med hyttedrifta, då ein fekk sett inn nye omnar i peisestova og måla kjøkkenet. Somme folk frå Idrottslaget fekk bu der til tider, før dei fann seg husrom i byen. Såleis budde gullmedaljevinnar Khalid Skah her i lenger tid i 1990. Hyttestyret skipa også til dugnader og fekk måla soverom og hogde ein del skog. Nye stolar vart henta inn frå BUL-garden i Rosenkrantzgate 8.

 

1990-åra – Idrottslaget tek over drifta

Også 1990-åra vart ein vanskeleg tidbolk for Røkleivhytta. Lite vart gjort første året, då Bondehytta laut prioriterast. Likevel fekk ein lagt inn varmekablar i golva på dusjromma og måla veggene der. Også peisestova hadde behov for ny måling, og lakkering av golvet trongst, men alt dette laut utsetjast.

I 1991 vart det gjort ein driftsavtale mellom Bondeungdomslaget og Idrottslaget, der sistnemnde no fekk ansvaret for utleiga, opprustinga og vedlikehaldet av hytta. Samstundes skulle Idrottslaget ta på seg ansvaret for økonomien. Vona var at dette kunne skaffa Idrottslaget gode inntekter, og særlaget fekk også i oppgåve å laga ein oppussingsplan. BUL sentralt løyvde no 100 000 kr til å setja hytta i betre stand. Denne avtalen stod ved lag heilt fram til 1999. Det vart gjort ein god del arbeid i desse åra, og medlemer i Idrottslaget brukte hytta mykje, også til fritidsaktivitetar. Erik Raknerud var snikkar av yrke og fekk til oppgåve å restaurera svartkjellaren og pussa opp det som stod att i 1. høgda. I 1992 var ein god del av dette gjort, og både stove, soverom og kjellar vart sette i betre stand. Mykje av det andre arbeidet vart sett bort til profesjonelle snikkarar og målarar. Carl Erik Hillesund og Jon Øxnevad frå Idrottslaget hadde hovudtilsynet med hytta i dei første åra, og elles var både kontoret og styret i Idrottslaget involverte i hyttearbeidet.

Når hytta no var i betre stand, auka også besøka frå lagsfolk, særleg i helgene. Ein gjennomgang av det branntekniske opplegget vart utført i 1994-95 og godkjent. I 1995 fekk ein også lagt ei ny bru over Røkleivbekken og ordna loket på brønnen. Senger og møblar vart reparerte og mykje ved hogd opp. Heile hytta vart no rundvaska og drikkevatnet analysert og godkjent av fagfolk.

I 1996 kom så Trond Fjeldstad inn via Idrottslaget som organisator av hyttedrifta. Han kjøpte inn nye gardiner til alle rom og nokre nye solide senger kom på plass. Vassproblema vart løyste då ny pumpe og trykktank vart installerte i kjellaren. Skogvesenet fekk hogge ned ein god del skog kring hytta denne sommaren. I 1997 heldt Idrottslaget to aktivitets- og familiedagar (25.5 og 30.8) på Røkleivhytta. Det møtte fram 40 medlemer båe dagane. Ikkje alt vedlikehaldsarbeidet var ferdig utført enno, men grunnmuren vart tetta innvendig og ein byrja arbeidet med å grava ut plass til eit nytt rom i kjellarhøgda. Nye vindauge og ny ytterdør var nødvendig, men dette prosjektet vart utsett.

I 1998 låg arbeidet ved hytta nede. Trond Fjeldstad slutta og lite vart gjort. Idrottslaget sjølv makta ikkje å gjera noko på sin kant heller. Utgiftene og alle arbeidsoppgåvene som følgde med hyttedrifta tyngde meir enn godt var. Først i 1999 vart det oppsving i arbeidet att. Leigekontrakten mellom BUL og Idrottslaget vart då oppsagd i januar 1999 og nytt hyttestyre vart valt på årsmøtet. No tok Reidulf Korsæth hovudansvaret som leiar i det nyvalde hyttestyret saman med Rune Stenersen. Ein tilstandsrapport frå 27. februar 1999 synte at mykje stod att av det planlagde utbetringsarbeidet. No vart nye vindauge sette inn i badstova og dusjrommet og ny kledning lagd utandørs på nordveggen. Byggmeister Erling Lunde stod for alt byggearbeidet. Pipene vart pussa og vølte og ny trapp vart bygd ved kjøkkeninngangen. På hemsen la Lunde heilt nytt golv og isolerte tømmerveggene. Av Oslo kommune fekk ein lånt gravemaskin til utgraving på austsida av hytta. Ei grøft på 10 x 2 meter vart no graven opp utvendig. Under leiing av Bjarne Mjaaland frå Skogvesenet planta 6 lagsfolk ut 6-700 nye granplantar dette året, og dette skjedde då i det området som før vart tynna ut ved hytta.

 

Nytt hundreår og nye oppgåver

Reidulf Korsæth og gjengen hans heldt fram med oppussingsarbeidet dei første åra etter hundreårsskiftet. Det største soverommet vart no gjort om til stoverom og nye benker og overskap kom opp på kjøkkenet i år 2000. Svartkjellaren vart heilt rydda og betre isolert i taket. Hytta var likevel ikkje godkjend for fleire enn 9 nattgjester, sidan det var manglar ved det elektriske opplegget og brannvarslingsanlegget. Besøka på dagtid var likevel ikkje så verst, med 40 frammøtte lagsfolk på familiedagen 30. september denne hausten. Og i jonsokhelga vart det halde stor dugnad.

I 2001 var det ein stor vasslekkasje i kjellaren, då tanken sprang lekk. Etter 270 dugnadstimar fekk ein støypt nytt golv og rydda opp etter skadane. Dette året vart det markert at Røkleivhytta fylte 80 år, utan det heilt store oppmøtet. Og på den planlagde familiedagen 16. juni møtte det opp berre 3 personar.

I 2002 kom det så førespurnad frå Tryvann skisenter og Wyller-løypa om å få til eit samarbeid med BUL om drifta av Røkleivhytta. Bondeungdomslaget gjorde ein intensjonsavtale med dei om dette, men det heile kokte bort i tida etterpå, mellom anna av di dei dristige planane om ein stor hoppbakke i Rødkleiva ikkje vart noko av. Markalova stilte også strenge krav til inngrep i området.

Arbeidet med å rusta opp kjellarhøgda heldt fram dette året med. To klosettrom vart bygde og mykje vask og måling vart utført innvendig. I alt 130 000 kroner vart investerte for å få ferdig utbetringane.

I 2006 slo hyttestyret fast at hytta i det store og heile var i god stand, men det var somtid problem med straumtilførsla. Vasstrykket var også heller dårleg til tider, så ny pumpe vart planlagd innkjøpt. Elles stod det att litt av arbeidet med å setja kjellarhøgda i ferdig stand. Men den største mangelen var brannvarslingsanlegget som framleis ikkje fungerte fullnøyande. Difor var det berre lov å ha 9 overnattingjester i døgnet på hytta.

 

Røkleivhytta blir utleigehytte

Året etter, i 2007, byrja utleige av hytta å bli meir vanleg. Denne sommaren vart halve hytta beisa. Ein takstmann vart hyra inn til å vurdera verdien av hytta og eigedomen rundt. Hytta med uthus vart takserte til 2.12 mill.kr og heile eigedomen med hytte og 45 mål tomt til 4 mill kr. I 2008 vart hytta leigd ut 8 gonger, og det var helst leigetakarar utanfrå som tok inn på hytta i helgene. Det var særleg mange ungdomsorganisasjonar og skuleklassar frå vidaregåande skular i Oslo som då kom dit for å ha møte, kurs og ymse samlingar. Med dette kunne Bondeungdomslaget  skaffa ekstra inntekter til vedlikehaldet av hytta. Det var nemleg vanskeleg å få til dugnader, og hytta vart lite brukt av lagsfolk. Av vedlikehaldsarbeid vart det utført ein del flikking på grunnmuren og noko beising av hus og utemøblar.

2009 var eit godt år for Røkleivhytta. Ho vart dette året utleigd i 13 helger, for det meste til frivillige organisasjonar. Men også Idrottslaget brukte hytta ein del dette året. Mykje ved vart saga opp, ny bru over Rødkleivbekken bygd og ein god del øydelagde møblar og gammalt utstyr kasta. Seinhaustes rauk også vasspumpa, noko som førte til mykje ekstraarbeid for styret. Hyttestyret uttalte seg òg om reguleringsplanen for Tryvann vinterpark, der ein bad om å få rusta opp stien frå Hyttli og ned til hytta, slik at han kunne bli meir framkomeleg.

I 2010 slår hyttestyret fast at ein del av det store arbeidet som vart gjort 10 år før ikkje hadde vorte heilt fullført, noko som gjorde at standarden no ikkje lenger var så god som ønskjeleg. Somme var no inne på tanken om å selja hytta.

Men tilskot frå Bondeungdomslaget sentralt på 40 000 kr og frå Oslo Nye Sparebanks fond på 35 000 kr gjorde at det nyvalde og driftige hyttestyret fekk pussa opp ein del innvendig og gjort mange nødvendige innkjøp. Mellom anna fekk ein skaffa seg nytt fjernsyn, solid vedkløyvingsutstyr og to motorsager, nye sengklede, nytt golvteppe, ny brann- og innbrotsalarm, nye panelomnar og nye lamper til storstova. I tillegg vart vasspumpa skifta ut og alle låsane til heile hytta bytte ut. Kjøkkenet vart pussa opp og mykje nytt kjøkkenutstyr kjøpt inn. Hyttestyret med Erik Bolstad i spissen fekk såleis gjort svært mykje for pengane som vart løyvde dette året. Hytta var utleigd i 10 helger i 2010. No vart det òg råd å tinga seg plass på hytta gjennom ei digital løysing.

I 2011 fekk ein installert ny oppvaskmaskin på hytta, og forretningane fekk trekt om ein haug med stolar frå Bøndenes Hus, som no vart plasserte på hytta. Nokre nye madrassar vart skaffa og litt naudsynt elektrikararbeid utført. Også 2012 vart eit godt år for Røkleivhytta når det gjaldt utleige. Hytta var dette året utleigd i 56 døger til saman. Vedbua vart fylt og mykje småskog og kratt kring hytta vart hogd ned og rydda bort. Men i den harde stormen i romjula 2011 var hytta utan straum heilt fram til 1. februar 2012.

2013 vart eit rekordår for Røkleivhyttta når det gjaldt utleige. Hytta var då oppteken i 132 døgn til saman, og då helst til frivillige organisasjonar og skuleklassar. Vanskar med å få nok folk til dugnader gjorde at ein ikkje fekk hogd opp nok ved til vinteren, og anna vedlikehaldsarbeid laut også utsetjast. Det som framleis stod att å oppjustera, var å få bygt innandørs do i kjellaren, få ferdig badstova og rydda bort mykje gammalt skrot som hadde hauga seg opp. Både møblar og gardiner trong også fornyast. Året etter var hytta utleigd i 90 døgn. No vart det sett inn ny trykktank i kjellaren for å få att normalt vasstrykk i hytta. Nokre lekkasjar vart også tetta. Framleis var transportproblema uløyste, og det var krevjande å få ting inn til hytta og køyra bort skrap.

I 2016 vart Røkleivhytta utleigd i 111 døgn. Leigetakarane var stort sett dei same som før om åra. Dette året vart heile hytta rundvaska og ein fekk vølt øydelagde skuffer og skap og skifta ut slitne madrassar. Mykje arbeid gjekk med til å rydda svartkjellaren for allslags skrot. Noka løysinga på transportproblema fekk ein ikkje til dette året heller. Slitasjen på den nesten 100 år gamle hytta gjorde at hyttestyret saman med lagsstyret no meinte at tida var inne for å få ei totalvurdering av tilstanden på hytta. Seinhaustes 2016 henta ein derfor inn fleire tilbod, og gav oppdraget til firmaet OPAC as. Firmaet leverte så si samla vurdering av og løysing på problema den 20. januar 2017. Det vart no klart at mykje måtte gjerast, og at det kom til å bli dyrt.

 

Store utbetringsplanar for Røkleivhytta

Utleiga nådde nye høgder i 2017, då hytta var oppteken i 122 døgn. Det var lite hyttestyret fekk gjort av dugnadsinnsats, bortsett frå tilsynet etter utleigene. Likevel fekk ein beisa og måla hytta utvendig med ekstra hjelp frå nokre ungdomar i Idrottslaget. Slitne møblar og dårlege vindauge var modne for utskifting, men viktigast var det å få ordna heile det elektriske anlegget og sikra branntryggleiken etter retningslinjene frå OPAK-rapporten. Dette arbeidet tok til utpå våren 2018, då hytta var stengd i 2 veker i mai månad. Utleiga i 2018 kom likevel opp i 102 døgn med overnattingar.

Oppgraderinga av det fjernstyrte el-anlegget, som firmaet K2 Elektro stod for, vart eit lyft som gjorde at hytta no stod fram i meir moderne stand. I tillegg vart utedoane tømde, uthuset og hytta fekk endå eit strøk med beis, ny klopp vart lagd over bekken og skrotet etter oppryddinga i 2016 vart endeleg køyrt bort. Av meir negative ting må nemnast at Bondeungdomslaget ikkje fekk til noka løysing, korkje med Oslo kommune eller Den Norske Turistforening, når det gjaldt framkomstvegane til hytta.  Det var også vanskeleg å få valt eit fulltalig hyttestyre på årsmøtet i Bondeungdomslaget dette året. Og Arne Nordvi som hadde gjort ein kjempeinnsats som styreleiar i fleire år med tunge oppgåver gav seg i 2019. Tormod Bønes overtok då leiinga etter han.

Året 2019 var også prega av stor utleigeaktivitet, først og fremst til organisasjonar utanfor BUL. Over 630 gjester overnatta på hytta til saman. Vi kom i mål med å få på plass dei prioriterte oppgåvene som gjaldt branntryggleik, alarmanlegg og total utskifting av det elektriske anlegget. Tre nye vindauge på nordveggen og solid, vinterisolert kjellardør pluss glas vart sette inn ved årsskiftet 2019/2020. Heilt ny oppvaskmaskin vart kjøpt inn og ny sofagruppe er skaffa til peisestova. Trappeoppgangen ned til kjellaren vart måla og ny innerdør sett inn i kjellaren. Og det losna endeleg litt på floken med transportvegen frå Hyttli og ned til hytta, då Bymiljøetaten no tilbaud seg å køyra inn både møblar, byggjematerialar og andre ting for oss når dei hadde tid. Dette har gjort arbeidet til hyttestyret mykje greiare.

Dei største oppgåvene som no ventar, er innsetjing av innandørs doar, ferdigstilling av badstova, innvendig oppussing, m.a. av kjøkken og peisestove, og utbetring av vegane inn til hytta frå Hyttli og frå Rødkleivfaret. I tillegg må det noverande taket på hytta frå 1986 kanskje saumfarast med tanke på utbetring.