< TILBAKE TIL NYHENDE FRÅ LEIKARRINGEN

9.-11. oktober 2015 inviterer Leikarringen Symra til seminar og leikfest på Klækken hotell på Hønefoss. Audun Grüner-Hegge, nestleiar i Leikarringen i BUL Oslo, er ein av seminarinnleiarane.

Program for helga
Fredag 9. oktober:
Kl. 12.00 – Lunsj
Kl. 13.15 – Seminar
Vebjørn Bakken: Utviklinga i norsk folkedans med vekt på tida frå 1920.
Audun Grüner-Hegge: Tankar kring rekruttering til norsk folkedans i dag
Etterpå vert det paneldebatt og kurs i dansar som er relatert til seminaret
Kl. 19.00 – Middag og uformell dans.

Laurdag 10. oktober
Kl. 10.00 – Seminar
Marianne Dahl: Kva er folkedans? Halde på tradisjonar, eller opne for nye dansar/sjangrar. Etter innleiinga vert det paneldebatt og kurs i dansar som er relatert til seminaret
Kl. 18.00 – Middag og leikfest (Kaffepause med kaker)

Sundag 11. oktober
Frukost og heimreise

Pris frå fredag med lunsj til sundag frukost er kr 2 850,- per person i dobbeltrom og 3 450,- for enkeltrom.
Berre leikfest m/middag og frukost sundag kostar 1 230,- per person i dobbeltrom og 1 430,- for enkeltrom.
Leikfest uten overnatting kr 585,-

Påmelding:
Tlf.: 924 41 962 eller 474 03 818 eller E-post: [email protected] eller [email protected]
Betal innan 20. september til konto nr. 0536 42 59354