Gåve til BUL

Nyheit!

Bli med BUL og spleise på stolar hos DNT.

21.09.23

BUL vil gjerne hjelpe Det Norske Teatret med å tette gapet i offentleg støtte mellom dei to nasjonale teatera i hovudstaden.

Me vil difor kjøpe stolar i Hovudsalen. Då får vi namnet vårt på stolar som blir symbolsk våre i 10 år.

Vil du vere med og spleise på ein stol?

Støtt oss via Vipps (15700) eller overfør til bankkonto 8101.07.04537. Merk betaling med «Stol».

Du kan støtte med valfritt beløp, men for at det skal kvalifisere til skattefrådrag er årleg minimumsbeløp kr 500 (sjå kriterium for dette under). Andre måter å støtta kampanjen på finn du her: www.detnorsketeatret.no/tett-gapet

BUL er ein frivillig organisasjon og vi set stor pris på støtte frå privatpersonar og bedrifter. For å støtte oss kan du overføre ei gåve til ein av våre bankkontoar:

  • Bondeungdomslaget i Oslo*
  • Teaterlaget
  • Songlaget
  • Idrottslaget
  • Leikarringen
  • 8101.07.04537
  • 1503.84.93563
  • 0530.42.36576
  • 8101.07.04510
  • 7878.06.46437

*Overføring til hovudlaget skal gagne all aktivitet på likt nivå.

Det er sjølvsagt valfritt beløp, men for at det skal kvalifisere til skattefrådrag er årleg minimumsbeløp kr 500 (sjå kriterium for dette under).

Vi behandlar gåvene i utgangspunktet som anonyme, men fordi vi er ein medlemsorganisasjon har enkelte medlemmer tilgang til særlagsbankkontoane og -reknskapane. Dersom det er viktig for deg å vere heilt anonym må du ta kontakt med lagskontoret for instruksjonar.

Skattefrådrag

Det er høve til å gi gåver til BUL som gir skattefrådrag innafor ordninga med gåver til ideelle organisasjonar. Gåva må vere på minst 500 kr (innan eit kalenderår) og den totale kvoten for slike gåver er no 50 000 kr i året for kvar skatteytar. Skattereduksjonen blir med skattesatsane som no gjeld 21 % av gåva som er gitt. Både privatpersonar og bedrifter kan gi og dei same beløpsgrensene gjeld. For korrekt rapportering av skattefrådraget treng vi namn, adresse og personnummer (organisasjonsnummer for bedrifter). Givar må syte for at vi har alt gjennom kontoinformasjon og i betalingsmeldinga.

For å få skattefrådrag for di gåve må du altså gjere følgjande:

  • Overføre minst 500 kroner til BUL til saman innan eitt kalenderår (kan vere fordelt på fleire overføringar og/eller til ulik bankkontoar)
  • Skrive namn, adresse og personnummer i betalingsmelding

Ta kontakt med lagskontoret dersom du har spørsmål til dette.