Heiderspris til Unni Helland

IL i BULs trenarlegende og «mor friidrett» Unni Helland fekk onsdag Hederspris frå Oslo idrettskrets på Oslo Idrettskretsting, for den mangeårige innsatsen sin i IL i BUL, Oslo Friidrettskrets og norsk friidrett.

Unni er eit omgrep innanfor ungdomssatsninga til laget og er eit kjent fjes for dei fleste med fartstid i IL i BUL. Ho har betydd mykje for mange utøvarar som har vore i klubben, som ein god motivator og ein person som samlar og tar vare på utøvarane. Sprudlande og streng, alltid til stades der det vert driva friidrett.

Idrottslaget i BUL har i mange år vore ein bauta i barne- og ungdomsidretten i Oslo, der Unni har vore ein stor skikkelse som ungdomstrenar. Ho er ein miljøskapar og har trena fram fleire gode utøverar gjennom åra.

Sidan 1958 har ho vore engasjert klubben, enten som utøvar eller trenar og er framleis aktiv på Bislett.

Tusen takk for innsatsen du gjer for IL i BUL og norsk friidrett!