Lastar Hendingar

« All Events

  • Denne hending er over.

Folket dansar online m/ Vegar Vårdal

24. mars, 2020 kl. 19:0020:00

Leikarringen i BUL Oslo har som alle andre måtte avlyse øvingar og dansekveldar i denne spesielle tida. Me synes det er veldig leit, men me må alle stå saman i denne dugnaden mot koronaviruset.

Kulturfeltet har vore flinke til å skipe til direktesendte konsertar frå stovene sine, men kva med alle oss som vil danse? Dette vil Leikarringen gjere noko med.

Tysdag 24. mars kl. 19:00-20:00 testar me ut noko heilt nytt, at folket dansar online i lag! Me har fått med oss knalltøffe Vegar Vårdal til å ha ei danseøving med oss (ja du leste riktig), som vert direktesendt på Facebook denne kvelden. Du deltek frå der du måtte halde til, kjøkenet, stova, soverommet eller utendørs og tek gjerne med deg familie, sambuar eller vener på ei spennande danseøkt.

Økta vert tilpassa slik at du ikkje treng partner, og bevertning i pausa må du syte for sjølv.

Musikk og instruksjon: Vegar Vårdal
Dans: deg!
Stad: der du er (med tilgang til Facebook, øvinga sendast frå sida Leikarringen i BUL Oslo)
Tid: Tysdag 24. mars kl. 19:00
Arrangør: Leikarringen i BUL Oslo

Øvinga er gratis og open for alle som ynskjer å prøve seg på litt folkedans. Inviter gjerne med deg vener til å delta!

Detaljar:

Dato
24. mars, 2020
Tid:
19:00 – 20:00
Kategoriar:
, ,
Nettstad:
https://www.facebook.com/Leikarringen/

Detaljar:

Dato
24. mars, 2020
Tid:
19:00 – 20:00
Kategoriar:
, ,
Nettstad:
https://www.facebook.com/Leikarringen/