Lastar Hendingar

« All Events

Kurs: Broderi på strikk

14. november kl. 11:00 – 15. november kl. 14:00

Laurdag 14. og sundag 15. november arranger Bunadsnemnda kurs i broderi på strikka vottar med Kathrine Gregersen. På kurset lærer du å brodera på strikk med ullbroderi. Du lærer heile prosessen frå korleis overføre motiv, brodere og etterhandsaming. Ein får læra tre ulike måtar å laga flosskantar på og korleis setja saman fargar på broderi.

Kurset er gratis for medlemmar i BUL, men materialar kjøpast sjølv. Alle som melder seg på, får tilsendt strikkeoppskrift på enkle vottar som ein broderer på. Materialliste vert sendt ut før kurset, men alt av materialar kan du òg kjøpa av kurshaldar (cirka 230,-.) Kurset passar både for nybyrjarar og erfarne.

Kurset er på møteromet på Lagskontoret. På laurdag frå 11.00 -16-.00 og på sundag 11.00 -14.00

Meld deg på via e-post til Ulrikke Tveit på [email protected].

Kurslærar er Kathrine Gregersen som held kurs og foredrag innan tekstile teknikkar og  berekraftig tekstilbruk. Ho har arbeidd i mange år i Norges Husflidslag og på Husfliden. I dag er ho leiar for Laga, den nye satsinga til Det Norske Samlaget. Kathrine er ein inspirerande formidlar som er glad i å nytta farger og tradisjonelle teknikkar på nye måtar. Sjekk instagrammen hennar på @gregersen.kathrine

Detaljar

  • Start: 14. november kl. 11:00
  • Slutt: 15. november kl. 14:00
  • Kategori:

Detaljar

  • Start: 14. november kl. 11:00
  • Slutt: 15. november kl. 14:00
  • Kategori: