Lastar Hendingar

« All Events

Kvinna: Diktkonsert

9. november kl. 19:00 – 21:00

Diktkonserten «Kvinna»  er satt saman av eit utval av Jakob Sande sine dikt om kvinna, nye forteljingar og komposisjonar, og er eit tingingsverk bestilt av Jakob Sande – senter for forteljekunst. Kvelden blir avslutta med kåseriet «Jakob Sande og dei litterære kvinnene hans» av Gunnstein Akselberg. Framsyninga hadde urpremiere under Fest i Fjaler august 2026 der temaet nettopp var Kvinna. Når framsyninga no kjem til Nynorskens hus er Songlaget i BUL og Gunnstein Akselberg invitert inn.

Laget består av Den Mangfaldige Scenen ved Nirvana Froagh, Sigrid Felde, Shwan Wahed, Harald Kolaas, Sarah Camille Osmundsen, Melina Ismini Karantonis, Maren Eline Markussen, Kjetil Stavenes, Jørn Erik Ahlsen Alkanger, i tillegg til Gunnstein Akselberg og Songlaget i BUL med dirigent Knut Kristian Mohn. Liv Hege Skagestad frå Den Mangfaldige Scenen har regi på produksjonen i samarbeid med alle involverte.

Framsyninga varer i 90 minutt.

Sal av kaffi/lefse og produkt frå Sande-senteret

Arrangementet er gratis, men grunna avgrensa plass må du tinge billettar til framsyninga. Du finn billettar på denne sida. 

Foto: David Zadig og Thor Hauknes

Diktkonserten Kvinna er ein del av Jacob Sande minifestival. Sjå heile programmet for festivalen her.

Detaljar

  • Dato 9. november
  • Tid:
    19:00 – 21:00

Detaljar

  • Dato 9. november
  • Tid:
    19:00 – 21:00