Lastar Hendingar

« All Events

  • Denne hending er over.

UTSETT: Skogfinsk kulturkveld

21. mars, 2020 kl. 18:3022:00

Laurdag 21. mars 2020 inviterer Norsk Skogfinsk Museum og Bondeungdomslaget i Oslo til kulturkveld for å gjere den skogfinske kulturarven meir kjent. Dette blir eit arrangement både for dei med skogfinske anar og dei som vil bli kjent med ein lite påakta del av norsk innvandrarhistorie.

Skogfinnane er etterkomarar etter finnar som innvandra til Noreg tidleg på 1600-talet. Dei busette seg etterkvart i skogsområde på store delar av Austlandet, i det som no er i alt 40 kommunar og 8 fylke.

Kulturkvelden vil gi innsikt i historie og notid for denne nasjonale minoriteten og det vil også bli vist ny og gamal skogfinsk kultur – husflid, song, dans og mat.

Detaljar:

Dato
21. mars, 2020
Tid:
18:30 – 22:00
Kategoriar:
, , ,
Nettstad:
https://www.facebook.com/events/2711572752258848/

Lokale

Teatersalen, Nynorskens hus
Rosenkrantz' gate 8
Oslo, Norge
+ Google-kart

Detaljar:

Dato
21. mars, 2020
Tid:
18:30 – 22:00
Kategoriar:
, , ,
Nettstad:
https://www.facebook.com/events/2711572752258848/

Lokale

Teatersalen, Nynorskens hus
Rosenkrantz' gate 8
Oslo, Norge
+ Google-kart