Oppsummering av NM på Hamar helga 2.–4. august

Ei nydeleg helg på Hamar med mykje publikum og fint vêr.


Dag 1

Det heile starta med forsøk på 100 m der Elea Jørstad Bock og Angelica Okparaebo stilte til start. Angelica sprang 12,80, mens Elea sprang inn på 12,42 og tok seg vidare til semien.

Riquelvis Rafael Santiago stilte til start på 100 m forsøk, der han tok seg vidare til semifinale med tida 11,04. I semien gjekk det dessverre ikkje vegen.

På forsøk 1500 m stilte vi med 4 utøvarar, i herreklassen gjekk Tobias Grønstad vidare til finale med tida 4.06.80. I kvinneklassen stilte Sigrid Jervell Våg, Ingrid Kristiansen og Anniken Johansen til start, og dei sprang høvesvis inn til 4,40,86, 4,41,08 og 4,44,99. Sigrid og Ingrid vidare til finale.

Delphine Poirot stilte til start på 5000 m, der det ikkje gjekk heilt vegen og ho valde å bryte.

Dagen avslutta på best tenkeleg måte då Lene Retzius slo til med ny meisterskapsrekord på 4.32 og tok dermed gull i stav!

Dag 2

På 200 m vart Elea beste jente som ikkje kom til semifinalen, og det berre med 3/1000 margin. Tida vart 25,86.

Tobias Grønstad sprang tøft og offensivt i forsøket på 800 m og gjekk vidare til finalen saman med Luca Thompson. Leon Douglas vart dessverre slått ut i forsøket.

Delphine sprang også finale, og blei nr. 4 på 3000 m hinder med tida 11,39,76.

1500 m for kvinner der Sigrid sprang på 4,23,71 og inn til sitt tredje strake NM-gull på distansen. Ingrid persa i same løp og fekk sjå 4.28-tallet for fyrste gong og inn på 7. plass.

Etter forsøket sprang Tobias finale på 1500 m på 4.02,52 og 7. plass.

Dag 3

Chiamaka Okparaebo klinka til med 12,80 i sitt første forsøk i Tresteg og tok dermed 3. plassen. Julie Margrethe Gaustad hoppa seg til ein 5. plass med lengda 11,92.

Tobias sprang like offensivt i finalen på 800 m som i forsøket og tok kommandoen frå start. I same felt var Luca. Dei kom høvesvis på 5. og 6. plass med tidene 1,52,17 og 1,52,40.

Isabelle Pedersen tok seg lett til finalen frå forsøket. I finalen sprang ho inn til 13,16 og gull på 100 meter hekk!

3 gull og 1 bronse til BUL i årets NM.

God innsats frå alle våre utøvarar!