120 års aktivitet i BUL

15. oktober 1899 møttest 150 kvinner og menn på skulen Hauges Minde i Møllergata i Kristiania. Det var ”krambufolk, handverkarar og arbeidarar, kontorfolk og lærarar, tenestegjentor, studentar og underoffiserselevar og andre skulefolk, sygjentor og ungdomsame storingsmenner”. Denne dagen stifta dei Bondeungdomslaget i Oslo. BUL tok altså i bruk Oslo 25 år før byen skifta namn.

Med andre ord fyller BUL 120 år 15. oktober 2019.

BUL er ein livskraftig kultur- og idrettsorganisasjon med 800 medlemmer, som kvar veke møtest til læring, fellesskap og vennskap. Aktivitetane spenner frå folkedans, halling, friidrett, ski, idrett for psykisk utviklingshemma, teater, korsong til målsak og hytteturar i Leikarringen, Idrottslaget, Teaterlaget, Songlaget og målnemnda.

BUL vart stifta som ein organisasjon for innflyttarar – bondeungdom, som skulle ha aktivitetar for ungdom i alle aldrar – eit ungdomslag.

På slutten av 1800-talet var det enorm innflytting til Kristiania. Folketalet vaks frå 50.000 i 1855 til 250.000 i 1900. Men det var ikkje alltid like lett å vere innflyttar, og det var stort behov for ein stad der folk kunne møtes og føle seg heime.

Arbeidsstokken ved Akers mek. verksted, 1898.

Ukjent fotograf / Norsk Teknisk Museum.

Bondeungdomslaget vart ein slik sosial samlingsplass med mange aktivitetar, der folkeopplysning også fekk ein sentralt plass. Noreg var i ferd med å utvikle seg som sjølvstendig nasjon. I BUL var det politiske møte og stort engasjement rundt det å utvikle den norske folkekulturen, gjennom målsak, folkedans, bunader og ved å «auka vyrdnaden for bonden og bondeyrket og arbeider for atterreising av det norske folkemålet» som det m.a. heiter i føremålsparagrafen.

BUL var ein pioner for likeverd, og laget hadde alt frå starten i 1899 kjønnskvotering i styringa av laget, der det første styret hadde tre kvinner og to menn. Ikkje så rart at BUL var ein av pionerane innan kvinnefotball eit knapt hundreår seinare.

Etterkvart som laget vaks, vart det for mykje å halde styr på, og eigne aktivitetslag (særlag) vart oppretta; Idrottslaget i 1913 og Songlaget i 1914. Spellaget (no Teaterlaget) vart stifta i 1914, og hadde første framsyning i 1915.

Leikarringen vart oppretta i 1919, og kan altså feire 100-årsjubileum i 2019. Sjølv om Leikarringen kom til sist, var folkedans ein naturleg del for alle medlemmene heilt frå starten. BUL og arbeidet til Hulda Garborg var drivkrafta i vitaliseringa av songdansen alt frå starten.

Med all denne aktiviteten vart det naturleg å skaffe hytter, og, både Bondehytta i Nittedal og Røkleivhytta nedanfor Tryvann kom i bruk rundt 1920.

Bondeungdomslaget fekk, som mange andre ungdomslag og mållag på denne tida, finansiert mesteparten av aktiviteten gjennom eigne forretningstiltak. Etter stiftinga i 1899 vart det raskt behov for å skaffe pengar til alle tiltak som skulle settast ut i livet.

I 1913 fekk BUL, saman med m.a. Felleskjøpet og Aker Sparebank, reist Bøndernes Hus i Rosenkrantz’ gate 8 med eigen Teatersal. Dette sikra ein fast tilhaldsstad for den veksande lagsflokken og alle aktivitetane.

Den første Kaffistova til BUL vart oppretta i 1901, og på det meste var det fem av dei i Oslo. Laget eigde også fleire bygardar. Hotell Bondeheimen opna i 1913. Heimen Husflit, som m.a. produserte og utvikla bunader, opna i 1912, og vart kjøpt av BUL i 1923.

Etter ei vanskeleg tid etter krigen, vart drifta omskipa på 1980-talet. I dag er BUL eineeigar av Rosenkrantz’ gate 8 gjennom Bøndenes Hus AS. Dette konsernet har ei total omsetning på om lag 130 millionar kroner, gjennom drift av hotell, kaffistove og huflidsverksemda. Heimen er blitt til Heimen Husfliden AS, etter å ha blitt slått saman med Den Norske Husfliden og bunadprodusenten Solhjell AS.

Forretningsdrifta gir ei stabil og langsiktig inntekt til drift av og ein fast haldeplass for lagsaktivitetane.

Huset i Rosenkrantz’ gate 8, som vi i dag kallar Nynorskens hus, var også tilhaldsstad for Det Norske Teatret frå 1913 og fram til 2. verdskrig. Teatret hadde premiere på Jeppe på Berget på landsmål nettopp i Teatersalen. Noko som enda i truleg verdas blodigaste teaterslagsmål.

Rosenkrantz’ gate 8 – Nynorskens hus – er i dag eit lite kulturhus, og blir i dagleg fylt av teater-, folkedans, og korøvingar, framsyningar, konsertar og andre arrangement

Teaterlaget øver på måndagar og har to framsyningar i året. Leikarringen med undergruppene BULder og Brak og TrøBUL øver på tysdagar, og har ei rekke dansearrangement gjennom året.

Songlaget øver torsdagar, og har konsert i Teatersalen eller andre stader i byen.

Idrottslaget sin grupper trener primært på Bislett stadion, frå dei yngste og opp til elitenivå, med deltakarar i nasjonalt og internasjonale stemne. Mange av dei yngste gruppene er så populære at det er ventelister. BUL var ein av initiativtakarane til Bislettalliansen, som arrangerer Bislett Games. IL er også einearrangør av Sentrumsløpet i april kvart år.

Når eigne eigne medlemmer ikkje nyttar huset i Rosenkrantz’ gate, har barn og unge i Den mangfaldige scenen øvingar og framsyningar. I tillegg er det ei rekke andre aktørar i huset, med alt frå klassiske konsertar, boklanseringar, teater og dans til wrestling.

BUL har hatt både oppturar og nedturar, varierande engasjement og medlemstal og interne konfliktar, men trass i dette har laget i 120 år vore framsynte og tidleg ute med mellom anna likestilling, kvinnefotball og idrett for psykisk utviklingshemma.

Laget har nådd ein høg alder, men vi har ikkje gått ut på dato.

Laget betyr mykje for medlemmene våre. Vi har skapt trygge og stabile rammer for fellesskap, vennskap, læring og aktivitet på tvers av generasjonar – gjennom mange generasjonar. Det skal vi halde fram med i minst 120 år til.

Terje Svindseth
Styreleiar
Bondeungdomslaget i Oslo (BUL)

Tidslinje for BUL.