Trond Reitan døydde torsdag 19. september etter ei tid med sjukdom. Han vart 69 år gammal.

Trond vart medlem i Bondeungdomslaget i 1985, og var aktiv i Songlaget frå starten.

Trond var ofte ein av dei første vi tenkte på når ei nemnd eller eit ombod skulle fyllast. Han var med i Lagsstyret og i Rådet i fleire periodar, han var i fleire valnemnder, i Stiftinga Grøttumsbråten på 1990-talet og i Jubileumsnemnda for 100-års jubileet til BUL i 1999.

Trond var aktiv i mange ordskifte. Han kunne vere kritisk og prinsippfast, men med ei særs lun og omgjengeleg form, med glimt i auget og alltid like løysingsorientert.

Trond var ein stor ressurs for heile BUL, ikkje minst i arbeidet med å lage og utvikle medlemsregisteret og utviklinga av heimesider. Det var ikkje få dugnadstimar som gjekk med i dette arbeidet.

Trond vart utnemnd til heidersmedlem i Bondeungdomslaget i 2009, for den store innsatsen han hadde lagt ned gjennom mange år.

Eit kjært medlem og medmenneske er no borte, men minnet om det store engasjementet, den lune humoren og den gode varme stemma vil leve vidare.

 

Terje Svindseth
Styreleiar
Bondeungdomslaget i Oslo

——————————

Minneord frå Songlaget

Trond Reitan var i over 34 år ein aktiv, sentral og ikkje minst kjær medlem av Songlaget i BUL. Her dyrka han kjærleiken til kormusikk, fann gode vener og kjærleiken til si Karen Margrethe. I løpet av desse åra hadde han omtrent alle roller ein kan ha i eit kor, og avslutta karrieren som styremedlem og medlem av kaffinemnda. Denne siste er ei sentral trivselsnemnd med ansvar for forfriskingar i pausen. Trond var ein av få som ikkje sjølv drakk kaffi, men sette ære si i å brygge den for oss andre. Den var som Trond – varm og sterk.

I styret var det godt å ha Trond med. Han kjende historia til Songlaget godt, og kunne trekke dei lange linjene. Like fullt ivra han for digitalisering og la eit godt grunnlag for koret si digitalisering av notar og lydopptak. Når det ein sjeldan gong var litt bølgjer, kunne han roe oss yngre ned med at dette hadde Songlaget opplevd tidlegare, og så delte han erfaringane sine, og bølgjene la seg.

Det blir sagt at det blir ikkje musikk utan trommer og bass. Trond song andrebass og ingen kom så djupt som han. Han såg alle og brydde seg om alle, enten det var dei yngste eller dei eldste. Songlaget har mist ein av grunntonane og ein pilar. Vi kjem til å sakne Trond sine knusktørre vitsar på klinkande Verdalsmål, den sterke kaffien og den djupe trygge tonen.

 

Asbjørn Gjerde Lund
Leiar i Songlaget

 

Det blir gravferd frå Grefsen kapell, fredag 27. september kl. 14.