Oppsummering av Allianseklubbanes seriestemne del 1

I samarbeid med IK Tjalve og SK Vidar arrangerte vi eit friidrettsstemne på Bislett stadion i det som var årets første skikkeleg sommarlege helg.

Josefine Biernacki opna med tida 14.07 i dagens første øving. I finalen sprang ho inn til ny pers på tida 13.92 og vann finalen på 100 m hekk. Dermed tok ho kravet til U20 EM som blir arrangert i Tallin i juli. Gratulerer, Josefina!

På 100 m sprang Solveig Bustgård Gran inn til 4. plass i finalen med tida 12.05 og Angelica Okparaebo inn til 6. plass med tida 12.37. I herreklassen stilte Philip Jason Omollo, som sprang inn til 4. plass med tida 11.24 og Sandar Werge Nilsen inn til 7. plass med tida 11.49.

Ruben Martinsen kasta 53.17 under spydkonkurransen som gav ein 4. plass. På 400 m stilte Leon Douglas og Snorre Bonesmo til start. Dei gjekk inn til høvesvis 49.56 og 50.00.

I trestegkonkurransen hoppa Julie Gaustad 11.87 i det siste hoppet sitt. Saveetha Satkunanthan fekk lengda 10.31.

Takk til alle som stilte som utøvar, funksjonær og dommar for ein fin friidrettsdag!

Resultatliste her.