Oppsummering av UM på Jessheim Stadion

Opprinneleg skulle årets UM vore avhalde i Trondheim. Covid-19 sette ein stoppar for det, men takk til Ull/Kisa som arrangerte eit alternativ konsept.

Dag 1 – Fredag
Sandar Werge Nilsen (G-17) starta dagen med tresteg, der han persa med 47 cm med hoppet på 13.03 (+1.4), noko som resulterte i ein 4. plass. Det vart derfor noko tunge bein på 100 m, men han kvalifiserte seg til finalen og blei nr. 7.

Thai Drager (G-15) gjorde ein god konkurranse i tresteggropa og han forbetra persen sin frå 11.35 til 11.74 med +0.6. Noko som resulterte i ein flott 5.plass.
Det kan ha påverka 100 m der han ikkje gjekk vidare frå forsøket.

Nicolas Baranyi Eriksen (G-15) gjorde ein bra innsats og kvalifiserte seg til finalen på 100 m, der han sprang inn til pers på 11.99 (-0.8) og vart påskjøna med 8. plass.

Cathrine Grønbech (J-16) gjennomførte sin 300 m hekk veldig bra. Løp på tida 52.01 og kom inn som nummer 8.

Dei andre deltakarane hadde følgjande resultat på 100 m:
G-16 Simon Stornes 11.88 (+0.8)
G-15 Trygve Ilseng 12.42 (-0.7)
J-16 Wiktoria Sochal 13.47 (+1.9)

Dessverre gjekk dei ikkje vidare frå forsøket, men Wiktoria sprang inn til årsbeste.

Dag 2 – Laurdag
Tora Grieg-Cappelen (J-15) løp eit godt løp der ho blei nr. 4 på 800 m med tida 2.22.11, som er berre 2 sekund bak pers.

På 100 m hekk i G-15 klassen hadde vi to deltakarar som gjorde ein flott innsats og som kvalifiserte seg til finalen.
Nicolas Baranyi Eriksen sprang inn på 14.52 i forsøket, medan i finalen persa han på 14.51 og 5. plass.
Trygve Ilseng sprang inn på pers i forsøket på 14.48. I finalen sprang han inn på 14.70 og 6. plass.

Følgjande utøvarar stilte på 200 m
G-15 Thai Drager 25.34 (+0.7)
G-16 Simon Stornes 23.91 (+2.1)
Sean Bloom 23.87 (+0.8)
G-17 Sander Werge Nilsen 23.70 (+1.8)

J-17 Solveig Johansen 26.23 (+1.8)
J-16 Wiktoria Sochal 27.84 (+1.3)

Dessverre var det ingen som kvalifiserte seg til finalen, men Solveig og Sean sette personleg rekord!

Adrian Stene Olsen (G-15) sprang 800 m på tida 2.09.96. På same distanse sprang Cathrine Grønbech (J-16) inn på 2.30.31, som er lik bak pers.

Kisha Ugland (J-15) sprang 80 m hekk på tida 13.50 (+1.5) i forsøket og kvalifiserte seg ikkje til finalen.

Dag 3 – Søndag
Den siste dagen var det berre Adrian Stene Olsen som var i action på individuell øvelse, der han sprang inn på tida 6.12.04 på 2000 m.

Stafett laga:
Grunnet Covid-19 blei det ein forskjellig stafett enn tidlegare og med berre éin klasse per kjønn.
Vi stilte med 2 lag for gutteklassen og 1 lag i jenteklassen:

Lag 1
Beståande av Nicolas Baranyi Eriksen, Sander Werge Nilsen, Simon Stornes, Sean Bloom, sprang laga inn til ein 5. plass etter særs bra løping av alle. Tida vart 2.07.46.

Lag 2
Beståande av Akshathan Nadarajah, Trygve Ilseng, Thai Drager, Adrian Stene Olsen.
Laget fekk eit forfall like før start, men Adrian tok utfordringa og sprang 400 m like etter sin 2000 m. God innsats i eit vindfullt vêr. Tida vart 2.16.12.

I år fekk vi òg stilt med eit jentelag beståande av Sybbe Sølvberg Wikborg, Tuva Marcussen, Solveig Johansen og Wiktoria Sochal. Ein litt trøblete start, men jentene henta seg raskt inn igjen og sprang inn på tida 2.30.18.

For fullstendig resultatliste frå UM, kan du sjå her.